NRK Meny
Normal

Rekordtidleg slakting av lam og sau

Sauebøndene leverer sauer og lam til slakting langt tidlegare enn vanleg denne hausten. Det erfarer slakteriet Ringdal As og synest det er kjempegreier.

Video Haustens sauesanking i full gang

Ole Ringdal overvakar lokale sauer og lam som blir sanka for å hamne på slaktebenken på Hellesylt.

Foto: Nyhetsspiller

Bilane som hentar sauer og lam til slakteriet på Hellesylt i stranda, køyrer mest døgnet rundt for å hente inn i alt 15.000 dyr som nyss har kome ned frå fjellbeite.

– Vi er i veldig god rute for å produsere pinnekjøtt og fenalår. Aldri har vi hatt så stor pågang av lam og sau så tidleg på hausten, så dette lovar kjempebra, seier ein svært så nøgd dagleg leiar ved Ringdal As, Ole Ringdal.

Amund Lien og Ole Ringdal

Amund Lien og Ole Ringdal ved slaktelina på Hellesylt.

Foto: Joachim Ose / NRK

Slakteriet på Hellesylt blei grunnlagt i 1938, og er det einaste i Møre og Romsdal. Også mange bønder i deler av Sogn og Fjordane nyttar dette slakteriet for både storfe, svin, sau og lam.

Nok ein rekord

Ole Ringdal har to forklaringar på kvifor det er så tidleg slaktesesong i år.

– Det har vore gode beite i fjellet, og bøndene ser at dei kan ta ned dyra tidlegare enn vanleg. Dessutan seier mange bønder til oss at sankeforholda i år har vore lette og gode, og slikt kjem også oss til gode.

Lammeribbe

Pinnekjøtt av lammeribbe er klar til å tørkast før det hamnar på julebordet.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Kvaliteten på kjøttet er jamt over god, erfarer det tradisjonsrike slakteriet på Hellesylt.

Ikkje nok med at bøndene leverer fyra rekordtidleg, slakteriet kjem også til å setje ny rekord i talet på dyr som dei tek i mot i løpet av ein haust.

– Vi ventarå ta imot ca. 15.000 sau og lam i haust, heilt klart ny rekord for oss. Dette er eit par tusen fleire dyr enn normalt, seier Ringdal.

For lite råstoff

Trass i at det strøymer på med slakteferdige sauer og lam, etterlyser slakteriet enno meir slaktedyr.

– Vi opplever svært stor etterspørsel av dei lokalproduserte produkta våre både tiljul og elles. Vi har for lite råstoff og anlegget vårt skrik etter enno meir kjøtt, slår Ole Ringdal fast.

Ole Ringdal slakteri

Slakteriet på Hellesylt har stor kapasitet, og etterlyser enno meir fåreslakt.

Foto: Joachim Ose / NRK

Han er ikkje uroa over at det totalt sett i landet er overproduksjon av sauekjøtt.

– Her lokalt er det ingen overproduksjon, slik vi ser det. Tvert om, enno fleire bør satse på sauehald. Vi har kapasitet til å ta imot mykje meir, og med den store etterspørselen av sau og lam, fryktar vi ikkje at det skal bli for mykje.

Hos Ringdal er det særleg pinnekjøtt som er den store vinnaren. Og jammen kan det vere i handelen om kort tid.

Prisforskjeller på pinnekjøtt

Pinnekjøtet er klar for butikkane om ikkje så altfor lenge.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Vi har pinnekjøtt ferdig nedpakka og klart for å sende ut. Det er opp til butikkane no om kva tid kundane får den første smaken av årets julemat, seier Ole Ringdal.

Slakteriet på Hellesylt reknar med at dei kjem opp i ei omsetning på 155 millionar kroner i år.