Hopp til innhold

Rekordsal av Hoems nye bok

Ei veke før Edvard Hoems roman «Felemakaren» kjem ut er halve førsteopplaget på 25 tusen bøker selt. Forlaget seier dette rekordhøgt førehandssal. Romanen er den sjette boka i Hoems slektskrønike. Dei fem førre har fått strålande kritikkar og toppet bestseljarlistene. I Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne: Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til hovudkarakteren Lars, blir borte, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.

Edvard Hoem
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK