Hopp til innhold

Rekordmykje vatn i magasina skapar utfordringar

Store nedbørsmengder, kombinert med snøsmelting skapar problem for kraftverka.

Vassmagasin

All nedbøren i det siste gir fulle vassmagasin.

Foto: Roar Halten / NRK

– No er det så mykje vatn at det nesten skvulpar over kanten, seier Bård Andreassen, leiar for krafthandel i Svorta, medan han peikar mot det overfylte vassmagasinet ved Englivatnet på Nordmøre.

Vassmagasinet er tilknytt Valsøyfjorden Kraftverk og er ansvarleg for å drive to turbinar.

– Det er om lag 30 centimeter til magasinet er overfylt av vatn, og vi er førebudd på at det vil kome meir nedbør. I tillegg er det så pass mildt at vi også får smeltevatn frå snøen i dammen, seier Andreassen.

Rekordfulle magasin

Ikkje sidan 2000 har vassmagasina hatt den fyllingsgraden som dei har no. Store nedbørsmengder den siste tida og fulle magasin gir billig straum gjennom store delar av vinteren. Likevel er det ikkje uproblematisk for kraftverka å handtere dei enorme nedbørsmengdene.

Bård Andreassen

Bård Andreassen følgjer nøye med på fyllingsgraden i vassmagasina.

Foto: Roar Halten / NRK

– Utfordringa no er å få plass til alt dette vatnet, seier Andreassen.

I kraftverket går turbinen for fullt for å ta unna det vatnet som kjem i vassmagasinet. Den milde vinteren har også bidratt til å auke vassmengda i magasina.

– No håpar vi på litt kaldare vêr slik at vi kan lagre nedbøren som snø, og ikkje som vatn. Dei store nedbørsmengdene kombinert med snøsmelting har bydd på ekstra store utfordringar denne sesongen, seier Andreassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL