Rekordmange testa for koronasmitte

Smitteutbrot i fleire kommunar har lagt eit press på testkapasiteten i Møre og Romsdal. Snart vil robotar gjere delar av jobben lettare.

Teststasjon i Kristiansund

REKORD: Førre veke blei det testa rekordmange i Møre og Romsdal. Dette skuldast mellom anna smitteutbrot i ein rekke kommunar på Sunnmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Alle koronatestar som blir tatt i Møre og Romsdal blir sendt til analyse ved laboratoriet i Molde. Sidan koronapandemien kom til Noreg i mars i fjor har laboratoriet hatt ein testkapasitet på rundt 7-8.000 prøver i veka.

Einar Nilsen, avdelingssjef ved avdeling for medisinsk mikrobiologi ved Molde sjukehus.

TESTAR: Førre veke analyserte laboratoriet i Molde over 9.000 testar.

Foto: Guri Viken / Helse Møre og Romsdal

– Sist veke testa vi over 9.000 prøver, så det er det høgste vi har hatt. Vi greier nokre slike toppar, men det er ikkje berekraftig over tid, seier Einar Nilsen, avdelingssjef ved avdeling for medisinsk mikrobiologi ved Molde sjukehus.

Den siste veka har dei også fått hjelp frå sjukehuset i Ålesund til å ta unna nokre av prøvene. Testinga etter mutante virus har også gjort prosessen meir tidkrevjande.

– Vi må ta nokre ekstra analysar for å avgjere om det er muterte virus eller ikkje, så det er ressurskrevjande. Men vi byrjar å få god kontroll på kva utbrot som er ulike variantar, seier Nilsen.

Press på testinga i Ålesund

Ålesund er ein av kommunane som har hatt ein rekke smitteutbrot den siste tida. Fleire av desse er knytt til skular og mange må dermed sitte i karantene påskeferien. Førre veke blei over 3000 testa ved teststasjonen i Ålesund, noko som er ny rekord.

Kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad

TESTING: Kommuneoverlegen i Ålesund ber folk ha låg terskel for å teste seg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange smitta, og utbrot i dei nærliggande kommunane Fjord og Giske, gav grunn til bekymring, seier kommuneoverlege Olav Mestad. Så langt har det blitt registrert færre smittetilfelle enn frykta, men Mestad ber folk vere forsiktige.

– Det som bekymrar oss er at vi oppdagar ein del smitte utan kjent kjelde og at tilfella dukkar opp her og der. Det er svært viktig at alle som har symptom, også vage, held seg heime og testar seg, seier Mestad.

Her får du siste nytt om koronasituasjonen i Møre og Romsdal:

– Alle må ta ansvar

21. mars innførte Ålesund, saman med nabokommunane Sula og Giske, ei forskrift for å prøve å få ned smitten. Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier at dei per no har kontroll på smittesituasjonen.

Eva Vinje Aurdal

ANSVAR: Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier at det er viktig at alle tek eit ansvar for å få ned smitten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kommunen jobbar vidare med testing, smittesporing og karantenesetting gjennom påska. Aurdal er likevel uroa for utviklinga og understrekar at det er viktig at folk følger reglane.

– Kvar enkelte må ta ansvar om vi skal få snudd situasjonen. Påska er vanlegvis ei sosial tid, men i år handlar det om å ha få nærkontaktar, berre ha to gjestar heime og å gjere nødvendige innkjøp lokalt. Ein må også vere nøye med å bruke munnbind om ein ikkje kan halde avstand.

Aurdal håper at innbyggarane framleis er villige til å vere med på dugnaden.

– Det er viktig at folk er med på eit siste skippertak slik at vi forhåpentlegvis kan få ein tryggare situasjon og opne opp meir.

Førebudd på ein ny topp

Ved laboratoriet i Molde er dei førebudd på at det kan kome ein ny smittetopp etter påske, på same måte som det gjorde etter jule- og vinterferien. Dei har i lengre tid jobba med å auke testkapasiteten. Allereie i oktober blei det bestilt inn nye instrument som skal gjere det mogleg for laboratoriet å effektivisere analysane.

Einar Nilsen, overlege ved Molde sjukehus

AUKA KAPASITET: Nye robotar vil gjere det mogleg for laboratoriet i Molde å analyserer prøver meir effektivt. Her er Nilsen framfor ein av dei nye robotane.

Foto: Guri Viken / Helse Møre og Romsdal

– Det har vore lang leveringstid, men no har vi fått den første roboten på plass. Vi kjem til å doble kapasiteten i løpet av april. Då kan vi ta unna 20.000 prøver i veka om det skulle bli nødvendig, seier Einar Nilsen.

Robotane kan mellom anna flytte væsker og prøver slik at dei kan analysere fleire samtidig. Dei kan også skru av og på korken på prøvene. Dette tek vekk eit tidskrevjande og manuelt steg, fortel Nilsen.

– Det vil gjere det mogleg for oss å analysere prøver raskare og få ned svartida. Det tek også vekk noko av presset på dei tilsette. Då kan vi også avlaste andre plassar i Noreg som har problem med testkapasiteten sin.

Les også: Fjernovervakar koronapasientar via eit enkelt apparat

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 11.05.2021
2 812
Smittede siste 7 dager
114
Innlagte
768
Døde
1 487 784
Vaksinerte