NRK Meny
Normal

Rekordmange sauer skal overvakast

Vårens store eventyr ventar 150 000 sauer og lam som snart skal ut på beite i fjell og utmark. I år skal dei overvakast som aldri før.

Sauer beiter

Snart er det tid for å sleppe sauene til fjells på sommarbeite. Aldri har så mange av dei vorte dataovervaka.

Foto: NRK

I år får 2000 sauer og lam i Møre og Romsdal på seg ein klave med GPS- sendar før dei blir sende til fjells. Kvar ein avstikkar, stans i beitinga og unormalt, lange pausar blir registrert på datamaskinen heime hos bonden.

– Vi kan heile tida sjå kvar søyene er i landskapet, og har mykje betre oversikt over sauene enn nokon gong før, seier Hilmar Kleppe, leiar i organisasjonen Møre og Romsdal Sau og Geit.

Bestefar og barnebarn med nyfødd lam

Vesle Milla Tomine Kvernen Kleppe Rise får helse på eit nyfødt lam, saman med bestefar Hilmar Kleppe, som også er leiar i Sau og Geit i Møre og Romsdal.

Foto: June Kvernen Kleppe

GPS – teknologien har altså for alvor gjort sitt inntog hos dei rundt 1200 sauebøndene i Møre og Romsdal.

Rovdyr

Sau og Geit leiger ut GPS-sendarar til bøndene, og i følgje Kleppe er dette eit svært populært tilbod som dei har hatt nokre år no.

– Vi kjøpte inn 200 nye til årets sesong, slik at vi tilbyr 2000 klavar med GPS- utstyr. Alle er leigde ut for lengst, seier Kleppe.

Dataovervaking også har med rovdyrproblematikken å gjere, seier han.

Drept lam

Eit lam tatt av dage av rovdyr. Med GPS-overvaking kan ein sjå om dyret blir liggande lenge utan å røyve seg.

Foto: Olav Vetrhus

– Sauer som blir angripne av rovdyr, vil naturlegvis ha vanskar med å flytte seg, dersom dei då overlever. Og oppdagar vi at ein sau blir liggande på same flekken utan å røyve seg, kan vi rykke ut og sjekke om noko spesielt har skjedd, seier Kleppe.

Dyre- og bondevelferd

Leiar i Sau og Geit i fylket meiner utviklinga med stadig meir og betre overvaking av dyr på beite, kan kallast både dyrevelferd og bondeveldferd.

– Sauebønder med dataovervaking på dyra, slepp å uroe seg heile tida for korleis det står til med flokken i fjellet. Blir dyra sjuke eller freista til å gå utanfor beiteområdet, er kan vi straks reise ut og ordne opp.

Sauesanking

Søyer og lamma deira skal snart på fjellbeite, og då likar mange bønder å kunne følgje dei i terrenget via datateknologi.

Foto: Jonny Asperheim

Det er mogleg å legge inn eit parameter på til dømes ein time, som gjer at bonden får melding via mobiltelefonen dersom sauen blir liggande så lenge utan å røyve seg.

Kjekk tid

Mange bønder slepp snart saueflokkane sine til fjells.

– Dette er ein kjekk periode som vi gler oss til. Masse skal førebuast. Mange veg lamma før og etter beitesesongen for å sjekke kvaliteten på beite, slikkesteinar skal på plass, og litt førebyggande behandling for ulike plager må til før saueflokken blir slept i utmarka.

– Det er veldig artig å sjå kor fort dei kjenner seg att i landskapet, og kor dei kosar seg over å kome til fjells igjen.

Nøgde sankarar

Når sauesankinga startar til hausten, ønskjer bøndene å få heim att like mange dyr som som sende ut i fjellet om våren.

Foto: Inger Mari Hellebust

Hilmar Kleppe har eit tips til årvakne turgåarar. Dei kan finne ut kor mange lam søyene blei sendt på fjellet med.

– Heng der eit blått, lite slips festa til klaven under haka, betyr det at søya har eitt lam. Er der ingenting, har ho to, og er der eit raudt slips, hadde ho med tre lam til fjells. Slik kan alle vere med og sjekke at lamma held følgje med mor og at alt er ok, seier Hilmar Kleppe.