Hopp til innhold

Aldri før har det vore så mange havørner her

Er du utandørs og har auga med deg, er sjansane store for å sjå ei havørn på Vestlandet. Det har vore ein rekordgod hekkesesong og no er det snart ikkje plass til fleire i naturen.

Ørn på jakt

Aldri før har det vore så mange havørner i Møre og Romsdal før. Hekkesesongen har vore rekordgod og tendensen er den same langs heile Vestlandskysten.

Foto: Audun Rikardsen

Alv Ottar Folkestad

Ornitolog Alv Ottar Folkestad har aldri opplevd ein så god hekkesesong blant havørn som i år.

Foto: Terje Reite / NRK

Same kvar du bur i Møre og Romsdal er havørna ikkje langt unna. Du kan sjå henne segle majestetisk på himmelen både langs kysten, men også om du går ein skogstur. I heile landet er det no mellom 12 000 og 15 000 havørner. Dette talet inkluderer både ungfuglar og vaksne og gjer at bestanden er historisk høg. Det er i Nordland havørna er mest utbreidd.

I år har hekkesesongen i Møre og Romsdal vore rekordgod og spesielt på Sunnmøre. 70–80 prosent av havørnpara har fått flygedyktige ungar og dei fleste har fått to ungar.

– Vi har registrert havørn i 40 år og det er første gong eg har opplevd noko liknande. Det blir nok lenge til neste gong, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Den same tendensen viser seg også i Sogn og Fjordane og langs heile Vestlandskysten til og med Rogaland.

LES OGSÅ:

Ikkje plass til fleire

Havørn

Havørna var utryddingstruga før den vart freda i 1968.

Foto: Dag Brynjelsen

At hekkesesongen har vore så god, betyr at naturen snart ikkje har plass til fleire havørner.

Bestanden kjem til å regulerer seg sjølv, ifylgje ornitologen. Det typiske er at dei vaksne kjempar for livet og døyr i territoriekampar. Det andre teiknet på at det ikkje er plass til fleire havørner vil vere at ungeproduksjonen går ned.

– Nord i landet ser vi at ungeproduksjonen har gått ned etter kvart som havørnbestanden har blitt for stor, seier Folkestad.

Han trur det er tilfeldigheiter som gjer at havørnene i Møre og Romsdal og langs Vestlandskysten har fått så mange ungar i år. Normalt varierer dette frå stad til stad, og talet held seg dermed stabilt.

Ørna er vår gribb

Sjølv treng ikkje ornitologen ein gong å gå ut av huset for å sjå havørna. Han ser den frå stovevindauget.

– Eg trur at dei aller fleste som er ute har sjanse til å sjå havørna dagleg. Det gjeld ikkje berre dei som bur langs kysten, men også innover i fjordane, seier Folkestad.

No når det er jaktsesong trekkjer havørna mot skog og fjell for å få seg ein matbit. Ørna er på plass når dyra vert slakta og vomma ut, for å ete restane. Havørna er den viktigaste åtseletaren blant fuglane.

– I vår natur tek havørna den rolla som gribbane har i varmare strok, seier Folkestad.

Var nesten utrydda

Når havørnungane vert vaksne kan dei like godt flytte til Nord-Noreg eller utlandet for å finne sitt eige territorium. Det er ikkje uvanleg at dei reiser til Storbritannia, Danmark, Sverige eller Nederland.

– I Sør-Noreg var havørna langt på veg utrydda på 60-talet då den vart freda. No har dei kome tilbake der dei var i førre århundre, seier Folkestad.

Kråker og måker jager en havørn ved Askholmene nord for Drøbak i starten av juni.
Tirsdag ble en ung havørn påkjørt i Melhus. Nå skal den komme til hektene igjen ved hjelp av hvile, mye mat og omsorg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL