Rekordmange cruiseskip

Reiselivet i Ålesunds-regionen går ein sterk sesong i møte neste år. Heile 176 cruiseskip med til saman 332 000 passasjerar er venta til kai i Ålesund.
Også i år var det ny rekord for cruiseskip til Ålesund med vel 130 skip. Marknad- og informasjonskonsulent Synnøve Johnsen i
Ålesundregionens Havnevesen, seier sesongen blir utvida neste år, slik at første cruiseskip kjem alt 1. januar. Sesongen blir avslutta 28. oktober.

Cruiseskip sett frå Fjellstua i Ålesund
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK