– Det er tøft å vente så lenge på svar

Harald Lillebø (76) mista begge beina etter ein operasjon som gjekk gale. Han har no venta i fem år på å få behandla erstatningssaka si.

Harald Lillebø og kona Randi Lillebø.

LANG KAMP: Harald Lillebø og kona Randi Lillebø i Ålesund har kjempa ein lang kamp for å få erstatning.

Foto: Remi Sagen / NRK

Då pensjonisten frå Ålesund vakna etter operasjonen for fem år sidan, var begge beina amputerte og synet øydelagt på eitt auge, etter store komplikasjonar.

Vil ikkje sjå seg sjølv i spegelen

I fem år har han venta på å få vite om han får erstatning frå staten etter det han meiner var alvorleg feilbehandling.

Harald Lillebø og kona Randi Lillebø.

Før operasjonen hadde Harald Lillebø eit heilt anna liv saman med kona Randi Lillebø.

Foto: Privat

Ventetida er ei stor påkjenning. Harald Lillebø kjempar med gråten når han skal snakke om alle åra utan svar.

Før operasjonen var han ein aktiv pensjonist, men han hadde ei alvorleg og truande utposing på hovudpulsåra. Komplikasjonar under operasjonen førte til at han hamna i koma i nesten tre veker. Då han vakna var begge beina borte.

– Eg blir sjokka når eg ser meg sjølv i spegelen, så no har eg slutta med det, seier han.

Harald Lillebø

Harald Lillebø er no heilt avhengig av kona og rullestolen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har venta i fem år

Lillebø klaga inn saka si som feilbehandling, men fekk etter eit års ventetid avslag frå Norsk Pasientskadeerstatning. Så anka han til klageorganet Helseklage, men etter tre og eit halvt år har han framleis ikkje fått svar derifrå.

Aldri før har så mange pasientar venta så lenge på å få avklart om dei får erstatning etter å ha blitt skadd under behandling i helsevesenet. Og det blir verre år for år.

  • Ved utgangen av 2017 hadde 413 personar venta i to år eller meir for å få avgjort saka si av klageorganet Helseklage.
  • I 2018 var talet 622.
  • No har talet auka til 702 personar som har venta i to år eller meir.
Rose-Marie Christiansen, direktør i Helseklage

Rose-Marie Christiansen, direktør i Helseklage.

Foto: Helseklage

– Det er sjølvsagt ei veldig stor påkjenning for dei det gjeld å måtte vente så lenge. Men det dei skal vite, er at vi gjer det vi kan for å få ned ventetida. Vi har kjempefokus på desse eldste sakene, og jobbar med å få ned køen, seier Rose-Marie Christiansen, direktør i Helseklage.

Pasientombodet er uroa

Seniorrådgjevar ved pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal, Reidun Elin Helgheim Swan, har engasjert seg i saka til Harald Lillebø.

Reidun Elin Helgheim Swan, seniorrådgjevar hos Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal

Reidun Elin Helgheim Swan, er seniorrådgjevar hos Pasient- og Pasientombodet i Møre og Romsdal

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er veldig glade for at han vil fortelje, for det er viktig at vi får fram desse sakene, seier ho.

Seniorrådgjevaren meiner det er avgjerande for pasienten å få svar, men at det også er viktig for helsevesenet å få avklart om det har vore ein svikt, slik at dei kan lære av feila sine.

– Det er svært urovekkande at køen veks, og vi er ikkje trygge på at det blir tatt grep som gjer at sakshandsaminga tar kortare tid, seier ho.

Harald Lillebø

Harald Lillebø er ein av dei mest skadde personane pasientombodet i Møre og Romsdal har sett. Dei er glade for at han gir den lange køen eit ansikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Harald Lillebø håper no at hans kamp for å få svar skal hjelpe andre.

– Det er tøft å vente så lenge. Det viktigaste for meg no er at det kjem fram at det tar så skrekkeleg lang tid å få ei avgjerd. Det er veldig dårleg gjort.