Hopp til innhold

Rekordlåge dødstal i trafikken i år - ungdom har blitt flinkare sjåførar

Færre unge mistar livet i trafikkulykker. Vegvesenet trur betre opplæring og endra haldningar bidreg til denne utviklinga.

Færre unge døyr i trafikken.

ENDRA FOKUS: Ørjan Løvås (29) og Robin Gule (26) ser at unge i dag har eit anna fokus rundt bil enn før.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ørjan Løvås (29) har bil som hobby. Han merkar at det er eit anna fokus blant ungdommen i dag enn det var før.

– Det handlar meir om å ha fine bilar, ikkje den grisekøyringa som det var tidlegare, seier han.

Med berre eit par dagar att i 2021 ser det ut til at rekordfå har døydd i trafikken i Noreg i år, samanlikna med åra før.

86 personar har førebels mist livet i ei trafikkulykke i år. Vi må tilbake til etterkrigstida for å finne så låge tal. I 2020 var det 93 som døydde.

Færre unge som døyr

Om vi går 20 år tilbake i tid var det 344 som døydde i trafikken. Over 30 prosent av desse var unge under 24 år. I 2020 var det same talet på under 20 prosent.

Trenden har altså snudd. I tillegg til at det er færre som døyr, så er det også færre unge som mistar livet.

– Det er vesentleg færre unge som døyr no enn før. Det er ikkje riktig så god utvikling blant dei eldre, men det går også nedover der, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Ho trur grunnen er at dei unge i dag får betre føraropplæring.

– Dei unge som tek lappen i dag har ei heilt anna føraropplæring enn det eg hadde. I tillegg ser vi ein generell tendens til at unge oppfører seg meir fornuftig på mange område, seier Ranes.

Færre unge døyr i trafikken.

MOLDE: Ørjan Løvås bur i Molde. Han har sett ei haldningsendring blant unge førarar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ørjan trur også at ungdommen har skjerpa seg og blitt betre trafikantar.

– Det er på grunn av endra haldningar, og betre bilar. Det er ikkje den same kulturen om å spinne og herje som før.

Det stiller også politiet i Molde seg bak. Tidlegare var ulykkesstatistikken prega av ungdom, men no er det tydeleg at bildet har forandra seg, men det er framleis ein veg å gå.

– Ein drepen er ein drepen for mykje, så arbeidet må halde fram, seier Kjellbjørn Johansen i politiet.

Kjellbjørn Johansen i politiet.

POLITIET: Kjellbjørn Johansen i politiet seier det er veldig positivt at færre døyr i trafikken enn før.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fart er ofte ein årsak til dødsulykker

Årsaka til dødsulykkene i år er førebels ikkje klare, men Ranes seier fart ofte er ein medverkande årsak.

– Det er oppimot 40 prosent av dødsulykkene der fart har vore ein medverkande årsak.

Dei fleste dødsulykkene skjer på sommaren og tidleg på hausten, ikkje på vinteren som mange trur.

– Då er det fine vegar, fint vêr og lyst ute. Då går det ofte litt fortare, seier Ranes.

Guro Ranes

POSITIV UTVIKLING: Guro Ranes i Statens vegvesen seier vi har ingen å miste. Ho oppfordrar folk til å halde fram med å køyre fint i trafikken.

Foto: Knut Opeide / Knut Opeide

Trass i dette så ser Statens vegvesen at ein blir flinkare til å følgje trafikkreglane.

– Det er stadig fleire som brukar belte, og fleire som held fartsgrensa. I sum oppfører vi oss betre i trafikken, seier ho.