NRK Meny
Normal

Rekordlåg bustadlånsrente

Norske bustadlånsrenter blir enda lågare etter dagens rentekutt frå Noregs Bank.

visning bolig eiendomsmegler

Klokka 10 torsdag formiddag kunngjorde sentralbanksjef Øystein Olsen i Noregs Bank at styringsrenta blir sett ned med 0,25% til 0,50%.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Sentralbanksjef Øystein Olsen og hovudstyret i Noregs Bank sette i dag ned styringsrenta til eit nytt historisk botnnivå. Peder Normann Raknes i Molde har meir enn 30 års erfaring frå det norske eigendomsmarknaden. Han har aldri opplevd liknande tilstandar.

– Nei, dette er ein ny situasjon. Renta har vore ned mot tre prosent tidlegare, men det er fleire tiår sidan, seier Raknes.

Han var likevel ikkje overraska over dagens rentekutt.

– For ein gong skuld var nesten alle fagøkonomane einige om at Noregs Bank kom til å sette ned renta. Rentekuttet er bra for nokon, men det betyr også at det går dårleg for norsk økonomi, seier Raknes.

Usikker situasjon

Raknes fortel at dagens rentekutt kan ha positive ringverknadar for eigendomsmarknaden.

Peder Normann Raknes

Peder Normann Raknes i Molde har meir enn 30 års erfaring frå det norske eigendomsmarknaden.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det blir billigare å låne pengar dersom bustadrenta følgjer etter styringsrenta. Isolert sett så kan det bety at prisane på bruktbustader vil auke, men så er vi også inne i ei tid der vi ser klare teikn på at arbeidsløysa stig, noko som igjen kan føre til ein prisnedgang, seier han.

Ifølge Raknes er renta, arbeidsløysa og etterspørsel dei faktorane som i størst grad påverkar marknaden.

– Det blir spennande å sjå korleis eigendomsmarknaden vil utvikle seg. Det vi ikkje veit er om dei som har trygge jobbar også blir meir forsiktige i forhold til bustadkjøp, seier han.

Anbefaler å binde renta

Den låge renta gjer det mogleg å kjøpe seg rentetryggleik, meiner Raknes.

– Dei som kjøper bustad no bør vurdere å binde renta for dei neste ti åra. På den måten er det mogleg å sikre seg låg rente i lang tid framover, seier han.

Raknes vil likevel ikkje anbefale nokon å kjøpe bustad berre fordi renta er låg.

– Mitt beste råd er å kjøpe bustad når ein treng det og sjå på korleis ein skal finansiere dette. Det er også lurt å sikre seg best mogleg mot eventuelle negative endringar i motsett veg, seier han.