Hopp til innhold

Rekordjul for skisentera

Endeleg kom vinteren for fullt, noko skisentera i Møre og Romsdal har merka. Rekordmange har tatt turen ut i bakken denne jula.

Stranda Skisenter

Stranda Skisenter har så langt hatt rekordmange besøkande denne sesongen.

Foto: privat

– Sesongen før nyttår knusar alle rekordar når det gjeld besøkande. Folk kjem langvegs frå for å stå på ski, seier ein svært glad Stian Græsdal, som er dagleg leiar på Stranda skisenter.

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Stian Græsdal på Stranda skisenter er svært nøgd med sesongen så langt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Lukka smiler no til skisentera i Møre og Romsdal etter eit par snøfattige vintrar.

Snøfallet den siste tida fører til rekordar hos fleire av skisentera i fylket. Ifølgje Græsdal er mange år sidan det har vore så mykje snø på Stranda skisenter. Og responsen har ikkje latt vente på seg.

– Det har vore utruleg mykje folk i anlegget sidan vi opna. Det er tydeleg at mange har venta på å stå på ski etter to magre vintrar, seier han.

Tilbake til normalen

Stranda skisenter er ikkje aleine om å ha gode besøkstal så langt denne vinteren. Snøen som har kome dei siste vekene har gjort det mogleg for dei fleste av skisentera i fylket å halde ope i jula.

Stranda skisenter

Stranda skisenter tredje juledag.

Foto: Stranda skisenter

Også på Ørsta skisenter har dei merka trykket denne jula.

– Vinteren i fjor var ikkje etter normalen, men i år er forholda tilbake der dei skal vere, seier Beate Flø, billettansvarleg ved Ørsta skisenter.

Også ho kan fortelje om snøkledde toppar og mykje folk i bakken.

– Vi har hatt mykje snø, og mykje folk. Akkurat slik det skal vere, seier Flø.

Tek igjen for det tapte

Lenger nord i fylket, på Tusten Skiheiser i Molde, har dei også merka pågangen frå glade skientusiastar.

– Så langt i år har vi omsett for om lag like mykje som i heile fjor, seier driftsleiar Pål Tusten.

– Vi har merka at nokre har vore skeptiske til å kjøpe sesongkort etter to dårlege vintrar, men med ein gong snøen kom så strøymde folk til, held han fram.

Regnvêret som byrja måndag har så langt ikkje greidd å legge ein dempar på stemninga ved skisentera. Ved Surnadal alpinsenter var det om lag like mange i bakken måndag som søndag.

– Det ser ut til at folk trivst uansett vêr, seier driftsleiar Geir Magne Haugen.

– Det verkar som om mange prøvar å ta att for det tapte, held han fram.