Hopp til innhold

Rekordeksport av norsk sjømat

I fjor eksporterte vi norsk sjømat for over 91,6 milliardar kroner. Laks stod for nesten to tredelar av den totale sjømateksporten.

Eksport av laks

Det vart ny rekord i eksporten av norsk sjømat i 2016

Foto: Henning Bagger / Scanpix

Historisk høg pris på laks og ørret i året som gjekk samt lav kronekurs gjer at vi har rekordinntjening på norsk sjømat i 2016. Alt ligg til rette for vekst i 2017. Etterspørselen etter norsk sjømat aukar meir enn sjømatnæringa klarer å eksportere.

-Alt ligg til rette også for eit strålande nytt år, seier Asgeir Hasund som er direktør for Marine Harvest Region Vest.

Asgeir Hasund

Asgeir Hasund i Marine Harvest gler seg over gode tider. Her framfor anlegget i Brudevika i Vanylven

Foto: Jannicke Farstad / NRK

-God pris gjer at vi har hatt veldig god inntening i 2016, samtidig så er etterspørselen stor, seier han. Sjølv om Marine Harvest i Vest slakta litt mindre fisk i 2016 enn i 2015, så har innteninga vore mykje større det siste året.

Oppdrettsanlegg Rugsund

Oppdrettarane kan gle seg over gode prisar om dagen

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Nye metodar skaper optimisme

På rensefiskannlegget til Marine Harvest i Vanylven så ser vi ein annan grunn til optimisme i næringa. Lakselus har vore ei stor utfordring, og det å finne gode metodar for å fjerne den er svært viktig for næringa.

Rognkjeks på Marine Harvest sitt anlegg i Vanylven

Rognkjeks syter for avlusing av laks som har fått lus

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Vi har redusert forbruket betrakteleg på kjemikaliar ved å bruke meir reinsefisk. Samtidig så har vi tatt i bruk heilt nye ikkje medikamentelle metodar for fjerning av lus. Det har skjedd ei stor omvelting det siste året, og det er mykje nytt som skal prøvast det kommande året, seier han.

-Det aller viktigaste i 2017 blir å få kontroll på luseproblematikken, det må vi få før vi kan skape vidare vekst.

Også gode tal for villfisknæringa

Også villfisknæringa opplevde at lav kronekurs gav betre inntening i året som gjekk.

F/T Volstad

Trålerane har også hatt eit godt år i 2016

Foto: Volstad Shipping

Solveig Strand som er dagleg leiar i Strand Fiskeriselskap er veldig godt fornøgd med 2016. – På våre to trålarar har vi hatt dei beste inntektene nokon gong i år, seier ho.

-Grunnen er at vi har godt med kvotar om bord, samtidig så har ei svak norsk krone gjort at vi har fått godt betalt for fisken. -Kvotane for 2017 gjer at vi også har forventningar for det kommande året, seier ho.