– Skyfri himmel, glitrande snø, nydeleg utsikt, nypreparerte løyper, berre smilande menneske og masse glede!
Det er marknadsansvarleg ved Strandafjellet skisenter, Eli Kristin Raknes, som seier dette. Ho seier det same som vi får høyre frå alle skisentera i fylket.
6000 turar på ein dag
Knall og fall: Herleg likevel under slike forhold. (Foto: Pål Kristian Lindseth)
Ørsta skisenter på Bondalseidet hadde det høgaste talet på besøkande nokon gong i går, med over 6000 selde heisturar. Styreleiar i Ørsta skisenter, Svein Silseth, seier dette er ny rekord.
– Det blir i alle fall ei kjempeveke dette her for skisenteret vårt, seier han.
– Aldri opplevd liknande
Det fantastiske vinterveret dei siste dagane betyr sårt trengde pengar i kassa for skisentera i fylket. Dagleg leiar Jarl Skei ved Sæterlia alpinsenter i Surnadal seier dei har vore der i 20 år, men aldri har opplevd ei liknande publikumstilstrøyming.
– Eg kan ikkje kome i hug at vi har hatt ein finare periode enn vi har hatt no, seier Skei.
– Endeleg finever
– Endeleg er det vår tur, seier Kristin Raknes ved Strandafjellet skisenter.
Ho er så opptatt i billettluka at ho nesten ikkje har tid til å snakke med oss. Etter berre helgar med regn sidan januar, kom endeleg fineveret — i vinterferien.
– Det gir veldig gode pengar i kassa for oss, seier ho.
Også turterrenget er fantastisk no. (Foto: Brede Røsjø)