Rekordår for Ringdal-pinnekjøt

- Me auka salet av pinnekjøt med 30 prosent frå i fjor, seier dagleg leiar Ole Ringdal.

Pinnekjøtt

SALSSUKSESS: Ole Ringdal AS har auka salet av pinnekjøt med 30 prosent i år.

Foto: Scanpix

Ole Ringdal

RÅSTOFFLAUS: Ole Ringdal etterlyser meir råstoff for å auke produksjonen vidare.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Me har produsert nesten 200 tonn med pinnekjøt. Det tilsvarer om lag 600.000 middagar med pinnekjøt. Det er veldig hyggjeleg, seier Ringdal.

Han er dagleg leiar for det største private slakteriet i fylket, og har hatt stor etterspurnad etter produkta sine i haust.

Med jula like rundt hjørnet nærmar det seg tomt på lageret i Hellesylt.

- Me har om lag 500 kilo igjen. Det skal halde både i morgon, veslejulaftan og heile neste veke, seier Ringdal.

- Til heile landet

- Og det held ikkje. Me kunne laga betydeleg meir, men det får me satse på neste år viss me får meir råstoff, seier han.

- Me aukar med om lag 30 prosent frå i år.

Ringdal trur grunnen til auken er delt. Både det at folk i det tradisjonelle pinnekjøt-området på Vestlandet et det oftare, og at resten av landet har fått smaken på pinnekjøtet som blir laga på Hellesylt.

- Me sender pinnekjøt rundt til heile landet, seier han.

Kortreist slakt

Råstoffet kjem frå nærområdet, og blir henta inn til slakteriet. Den kortreiste maten er positiv for selskapet, seier Ringdal.

Nortura sitt slakteri i Ålesund skal stenge dørene, og med det har Ringdal fått fleire til sitt slakteri.

- Me har fått mange nye bønder i år, men har alltid plass til fleire.

- Per i dag har me ikkje nok leverandørar til å kunne auke vidare, seier han.

Les meir om avviklinga av Nortura-slakteriet i Ålesund:

| Siste juleribbe frå slakteriet i Ålesund | Nortura-ansatte hadde et lite håp | Nortura legger ned tre slakterier | Over og ut for Ålesund |