Hopp til innhold

Rekordår for Aasentunet

Publikumstalet på Ivar Aasen-tunet i Ørsta auka med 33 prosent i 2008.

Ivar Aasen-tunet i Ørsta
Foto: Gaute Øvereng/Nynorsk kultursentrum

- Med breiare fagleg arbeid og 33 % fleire gjester blei 2008 det beste driftsåret til no for Ivar Aasen-tunet, seier direktør Ottar Grepstad.

"I 2009 vil språkmuseet på Sunnmøre samarbeide med liknande institusjonar over heile verda, og gi publikum mange nye tilbod" står det i ei pressemelding frå Aasen-tunet.

400 arrangement

Ivar Aasen-tunet stod i 2008 for nesten 400 arrangement og utstillingar i 34 kommunar landet rundt. Omsetninga auka med 10 % til 13,4 mill. kr. Gjestetalet auka til 22 300, og nær 300 000 unike brukarar gjesta nettstaden til Aasen-tunet.

- Eit viktig og populært tilbod i 2008 var Lurivars nettsongbok med mange nye og gamle nynorske barnesongar. Både barnehagar, skular og privatpersonar bruker denne tenesta flittig. Berre i desember sende over 2000 personar frå heile landet inn svar på adventskonkurransen til tunkatten Lurivar, står det i pressemeldinga.

- Må vere tilgjengeleg

Eit arrangement som drog folk i rekordåret var då kronprins Haakon opna utescena i april. I tillegg har Ivar Aasen-tunet fått pris som ein av dei vakraste bygningane i landet.

– I åra frametter skal vi bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land. Difor skal omsetjing og gjendikting prege Dei nynorske festspela 2009, som opnar onsdag 24. juni, seier direktør Grepstad i følge pressemeldinga.

– Nynorsk må vere tilgjengeleg der folk er. 2008 blei ei påminning om kor mykje som må gjerast for at det skal bli lettare å vere nynorskbrukar, meiner Grepstad. No håper han på brei semje i Stortinget rundt språkmeldinga til regjeringa, slik at tiltaka blir gjennomførte uansett utfall av Stortingsvalet neste år.