Ifølgje Norsk Pasientskadeerstatning behandla dei 155 saker frå Møre og Romsdal i fjor. Totalt blei det utbetalt 34 millionar kroner til desse pasientane.
Betre kjent
Pasientombod i Møre og Romsdal, Astrid Mollan, seier årsaka er at ordninga no er betre kjent, og at auken ikkje treng å ha samanheng med at sjukehusa slurvar meir.
Det er Norsk Pasientskadeerstatning som tar seg av alle saker der pasientar fremjer krav mot eit norsk sjukehus. Dei behandlar og avgjer om sjukehusa har feilbehandla pasientar og kor stor erstatning ein eventuelt skal få.
Tredobling sidan 2002
2005 var eit rekordår både for utbetaling av erstatning og talet på saker. Så seint som i 2002 blei det utbetalt berre 12 millionar kroner. No er talet nær det tredoble, 34 millionar kroner.
Totalt har Norsk pasientskadeerstatning utbetalt 437 millionar kroner i erstatning i 2005. Omlag ein av tre får medhald i klagen.