Strandafjellet Skisenter har satt ny omsetningsrekord, og ender på nesten 4,6 millioner kroner.
Dette er bortimot 15 prosent bedre enn sist sesong.
Markedsansvarlig Eli Kristin Raknes sier det er for tidlig å si hvor stort overskuddet blir, men hun er kjempefornøyd med vinteren.
- Sesongen har vore eit einaste stort jubel, seier Eli Kristin Raknes.
Lite snø
For det er lenge sidan det har vore så lite snø i fjellet. Ifølgje klimaavdelinga ved Meterologisk institutt har vinteren i år vore den mest snøfattige i fylket på over ti år.
På Strandafjellet måtte det eine trekket stengast i påska, men likevel blei det sett ny omsetningsrekord då leiinga i dag stengde trekket før sesongen, og tok ei førebels oppteljing.
Resultatet er det for tidleg å seie noko sikkert om.
Minus for Fjellsetra
I nabokommunen Sykkylven er det langt mindre å juble over etter at skistavane er parkert for sesongen.
Fjellsetra skisenter har hatt ein nedgang i omsetninga, og økonomiansvarleg Tore Utgård seier resultatet truleg endar med fleire hundre tusen kroner i minus.
Slik blir det truleg også for Tusten Skiheiser i Molde. Dagleg leiar Herbjørn Ulriksborg karakteriserer sesongen som elendig.
- Vi har hatt lite snø og det har vore den dårlegaste sesongen på fleire år. Vi har ikkje kjørt trekket sidan 8. februar, sier Ulriksborg.
Verst på Nordmøre
Men aller verst stilt er nordmøringane, for der har snømangelen gjort at trekka ikkje har starta opp i det heile tatt.
Verken Frei Alpinsenter, Sæterlia i Surnadal eller Børsetlia i Sunndal har køyrt heisene i vinter.
Dagleg leiar Johan Ragnes i Surnadal Utvikling seier dette er heilt spesielt.
- Vi må berre sjå framover. Kanskje må vi sjå på snøkanonar, avslutter Johan Ragnes.