NRK Meny

Rekord for Nynorsk Kultursentrum

Nynorsk Kultursentrum med hovudsete i Ørsta fekk eit rekordgodt resultat i fjor på 1,3 millionar kroner. Styreleiar Lodve Solholm seier det var viktig å styre mot eit vesentleg overskot for å sikre midlar til fleire store prosjekt framover. Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.