Hopp til innhold

Reknar med å finne årsaka

Reiarlaget Bourbon Offshore Norway reknar med at årsaka til havariet til Bourbon Dolphin vil bli funnen. 

Bourbon Dolphin.
Foto: ITN

 

Administrerande direktør i Bourbon offshore, Trond Myklebust.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Vi har henta kapteinen som hadde friveke ned hit slik at han kan dele sine erfaringar, og i tillegg har dei overlevande skildringar av det dei opplevde. Så vi reknar med at årsaka til forliset vil bli klart, seier administrerande direktør i Bourbon Offshore Norway, Trond Myklebust.

Ønsker heving

Myklebust seier at dei ønsker at vraket vert heva for å finne så mange svar som muleg.

- Vi har eit enormt sterkt ønske om at båten vert heva. Og vi ønsker at alle mulegheiter vert sjekka ut for å finne ut om det er teknisk muleg å få båten opp. Ikkje berre for å få svar på kva som skjedde, men mest av alt for om muleg å finne att dei fem som framleis er sakna, seier Myklebust.

Skipet ligg no på 1100 meters djupn utanfor Shetland.

Får støtte frå Høgre

 

Høyre-leder Erna Solberg
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Men om det er muleg å heve skipet, så vil dette koste. Tysdag sende partileiar i Høgre, Erna Solberg, eit brev til regjeringa der ho seier at pengar ikkje bør sette ein stoppar for hevinga.

- Det er kjempeflott viss staten kan betale, seier Trond Myklebust.

Solberg seier i brevet at Staten bør løyve pengane viss det er teknisk muleg å heve Bourbon Dolphin.No førebur reiarlaget seg på sjøforklaringa som startar fredag.