Hopp til innhold

Reknar ikkje med rask løysing

Politiet reknar ikkje med å være ferdig med etterforskninga av drapssaka i Fræna før etter sommaren. Rundt ti etterforskarar jobbar dagleg med saka.

Arnstein Nilssen

JOBBAR VIDARE: Politimeister Arnstein Nilssen trur ikkje på rask løysing av drapet i Fræna.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ein 27-åring er sikta for forsettleg drap etter at ein død person vart funnen mellom Vikan og Male for to veker sidan.

I dag har politimeister Arnstein Nilssen vore i Molde og hatt møte med dei som jobbar med saka.

- Alvorleg sak

- Vi har så langt drive med avhøyr og tekniske undersøkingar. Det driv me framleis med, for å kvalitetssikre det arbeidet som er gjort.

Nilssen vil ikkje seie om det gjenstår mykje av etterforskinga, men forklarer at dei har eit håp om å avslutte saka før sommaren er over.

- Det er ei alvorleg sak, og me skal bringe saka inn for ein domstol. Då er det viktig at me kan kvalitetssikre saka så godt som mogleg, slik at domstolen kan ta stilling til skuldspørsmålet og eventuell dom.

Vil ikkje kommentere motivet

For litt over to veker sidan vart 32 år gamle Thomas Haukebø frå Molde funne drept i sjøkanten i ytre Fræna. Ein mann vart fyrst sikta for lekamsskading med døden til følge, men seinare har siktinga blitt utvida til forsettleg drap.

Politiet er svært sparsommelege når det gjeld å gå ut med opplysningar rundt det som skal ha skjedd. Politimesteren vil ikkje seie noko om motivet eller kva etterforskarane så langt har funne ut.

Politiet etterlyser eigar av kajakk

FANN KAJAKK: Politiet etterlyste ein kajakk i samband med drapet, men Nilssen vil ikkje seie noko om samanhengen.

Foto: Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Tidlegare har dei etterlyst eigaren av ein kajakk, men politiet vil ikkje seie noko meir om det.

Mange avhøyr

- Det kan eg ikkje seie noko om, men det eg kan seie er at kajakken er funnen, og teken hand om av politiet. Det vil sjølvsagt bli gjort tekniske undersøkingar i samband med den.

Nilssen vil ikkje seie noko om motivet for drapet endå, men seier det er mange som har gitt si forklaring etter drapet i Fræna. Kor mange som har site i avhøyr vil han ikkje ut med.

- Det er nødvendig i slike saker at vi gjerne avhøyrer same person både ein og to gongar, og det kan me bli nøydde til denne gangen og.

Den avdøde ble funnet i dette området i Fræna

FUNNE DREPT: Den avdøde vart funnen i dette området i Fræna.

Foto: Per-Ivar Rindarøy

Under kan du lese alle sakene som NRK Møre og Romsdal har hatt om drapet i Fræna: