Hopp til innhold

No vil Rekdal prate igjen

På søndag vil Kjetil Rekdal igjen prate med media. AaFK-trenaren vart så lei av medieoppstyret, at han boikotta pressa.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal prata ikkje under trening i dag, men på søndag vil han igjen opne munnen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal har ikkje prata med media sidan kampen mot Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

På søndag vil Aalesunds fotballklubb sin trenar, Kjetil Rekdal, igjen prate med media. Han har boikotta media, fordi han føler seg feilsitert. Dermed har han ikkje prata med pressa sidan kampen mot Molde 6. mai.

AaFK sin klubbdirektør, Henrik Hoff, meiner at det å ha pause frå media har gjort Kjetil Rekdal godt.

Godt å sleppe media

Henrik Hoff

Henrik Hoff seier at det har gjort Kjetil Rekdal godt å ha pause frå media.

Foto: Marita Andersen / NRK

– Å få ha fokus på andre ting og laget har vore bra for Kjetil, seier Hoff.

Han seier at Kjetil følte at det kokte under kampen mot Rosenborg og på Moldekampen.

LES OGSÅ:

Feilsitert

– Det vart vridd og vrengt på det han sa i media, og då bad han om å få litt fri frå den biten, seier Henrik Hoff.

Kjem de til å legge opp til en ny mediestrategi for å unngå det Rekdal kallar feilsiteringar?

– Vi må hugse på at Kjetil er enormt mykje i media og har vore veldig flink. Vi kjem ikkje til å endre noko spesielt på det. Kjetil er Kjetil og det må han få lov til å vere. Det kokar litt av og til, og han er aktiv og ivrig. Vi må ikkje kome dit at vi skal kneble han, seier Hoff.