NRK Meny
Normal

Fekk støtte-erklæring frå Solskjær, men slepp ikkje karantene

Kjetil Rekdal forstod lite, og Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær syntest bortvisinga var veldig streng. Likevel blir det minst éin kamp karantene på Rekdal - som ikkje er tilgjengeleg for media i dag.

Molde - Aalesund

VIST VEKK: Både Kjetil Rekdal og Henrik Hoff var ueinige i bortvisinga, men protestane fell for døve øyre.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Etter gårsdagens bortvising, må Kjetil Rekdal sjå minst éin kamp frå tribunen.

Ein jamn kamp på Aker Stadion, enda i 2-1-siger til Molde, og AaFK-trenar Rekdal var relativt nøgd med laget sitt – trass i tapet. To dommaravgjersler i sluttminutta var han derimot mindre nøgd med.

– Dommarane var veldig gode. Eg har ikkje noko å utsetje på Edvartsen. Eg må spørje han om kva som var årsaka til at eg blei sendt i garderoben. Eg forstår det rett og slett ikkje. Eg sa berre at Arnefjord ikkje kunne få gult kort. Då blei eg sendt på tribunen.

– Eg har vanskeleg for å forstå at det kan vere riktig, sa Rekdal til NRK etter gårsdagens kamp.

Molde - Aalesund

– STRENGT: Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær sa til VG at han meinte bortvisinga av trenarkollega Rekdal var i strengaste laget.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Trenar og kaptein på tribunen

Like før kampslutt søndag blei Molde sin Joshua Gatt, og AaFK-kaptein Daniel Arnefjord ueinige. Det enda i gult kort til begge partar, noko som var Arnefjord sitt tredje. Han må dermed stå over i neste serierunde.

På sidelinja gestikulerte Rekdal, noko som gjorde at dommar Svein Erik Edvartsen hadde fått nok. Han hadde ved to tidlegare høve prata til Rekdal, og tredje gongen enda i bortvising frå benken.

Det får konsekvensar utover lokaloppgjeret.

– Det er på lik linje med når ein spelar får raudt kort. Om han får fleire kampar karantene vil bli behandla fortløpande av disiplinærutvalet, seier informasjonssjef i NFF, Svein Graff, til NTB.

Den endelege avgjersla vil truleg kome i løpet av tre dagar.

Om det blir éin eller fleire kampar gjenstår og sjå, men mot serieleiar Strømsgodset blir AaFK uansett to mann mindre. Både kaptein Arnefjord og trenar Rekdal blir sitjande på tribunen.

Rekdal sa i ein kort telefonsamtale at han ikkje var interessert i å prate med media i dag.