NRK Meny
Normal

Rekdal stiller strenge krav

- Skal du lykkast i toppidrett, må du yte 100 prosent og av og til vel så det, seier Kjetil Rekdal. Måndag formiddag hadde han si første trening med AaFK.

Rekdal: Første trening med AaFK.

Første trening med AaFK

Foto: Rune A. Hansen / NRK

- Å krevje 110% av spelarane slik du sa då du blei tilsett, det er tøft?

- Det går an, seier Rekdal. - Det kan gjelde å byggje opp sjølvtilliten eller lagmoralen, trua på det vi driv med.

- Men då seier du vel også at spelaren hittil har ytt langt under det han er god for, er ikkje det frekt?

- Nei, for det er mykje som spelar inn her. Det kan vere måten ein førebur seg til kamp på eller det ein gjer etter kampen, det kan vere miljøet internt - små ting som gjer at ein kan bli flinkare til å backe opp sidemannen sin enn før. Det kan vere så enkelt som at du seier du er sliten, og så er du kanskje ikkje det, du kan yte litt til.

- Eg har ikkje kritisert verken klubben eller spelarane, det kan eg først gjere i dag! seier Kjetil Rekdal.