NRK Meny

Reiselivssamarbeidet raknar

Visit Nordmøre og Romsdal er ikkje nøgd med måten samarbeidsverksemda Møre og Romsdal Reiseliv blir driven på og truar med å trekkje seg frå samarbeidet. Visit Nordmøre og Romsdal vil ikkje lenger bruke pengar på marknadsføring gjennom den fylkesbaserte paraplyverksemda Møre og Romsdal Reiseliv, men heller satse på produktutvikling. Partnarane Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord vil derimot halde fram som før, det skriv Sunnmørsposten.