Reiselivsprisen vart delt ut torsdag kveld på Møre og Romsdal Reiseliv sin årlege konferanse, som i år blir arrangert i Ålesund.
– Dette set vi pris på
62°Nord har gjennom langsiktig og bevisst satsing bidratt til å posisjonere Møre og Romsdal sterkt som attraktivt reisemål, skriv juryen i si grunngjeving.
– Dette er ei anerkjenning vi set svært stor pris på, seier Terje Devold i 62°Nord.
Det er Møre og Romsdal Reiseliv som kvart år deler ut prisen “Årets Reiselivspris”.
Formålet med prisen er å synleggjere reiselivsnæringa i fylket, og betydinga næringa har for Møre og Romsdal samt å synleggjere betydinga av samarbeid på tvers av geografi, segment og sektor.
Spydspiss i reiselivsnæringa
– Tida då flott natur var nok til å trekkje til seg turistane er definitivt over. No vil dei besøkjande bruke naturen og oppleve noko, enten kultur eller lokal mat basert på lokale råvare, står det i pressemeldinga frå Møre og Romsdal Reiseliv.
Rådgjevar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther Sørheim, skryt selskapet opp i skyane.
- 62°Nord har over fleire år bygd opp eit tilbod innan overnatting og aktivitetar som harmonerer godt med slik Møre og Romsdal ønskjer å stå fram: Aktivitets- og opplevelsesfylke nr. 1.
-62°Nord er ein motor og ein betydeleg aktør i reiselivsnæringa, ikkje berre i Møre og Romsdal, men også i heile Fjord Norge regionen og i resten av landet, seier ho.
– Vi ønskjer å vere eit lokomotiv i bransjen
Prisvinnaren sjølv er svært glad for merksemda.
– Vi set stor pris på den anerkjenninga Reiselivsprisen er, seier Terje Devold, leiar i 62°Nord.
– Vi har dei seinaste åra lagt stor vekt på å tilby spennande aktivitetsopplevingar innan vårt kjerneområde Ålesund og Sunnmøre, kombinert med overnatting, transport og matopplevingar av høg klasse.
Han seier regionen har svært mykje spennande å by på for norske og internasjonale gjestar, og har dei siste åra tatt ein svært sterk posisjon i ein aukande marknad.
– Denne utviklinga ønskjer 62°Nord å bidra til ved å vere eit lokomotiv for bransjen innan produktutvikling, distribusjon og sal, seier ein tydeleg stolt Devold.
Kreativitet og nyskaping
Reiselivsprisen kan gå til ei bedrift, eit samarbeid mellom bedrifter eller enkeltpersonar som har vore kreative og nyskapande eller er med på å marknadsføre Møre og Romsdal som eit spennande reiselivsmål.
Tidlegare prisvinnarar:
2012 – MoldeJazz
2011 – Juvet Landskapshotell
2010 – Norsk Fjellfestival
2009 – Hotel Union v/Monja og Sindre Mjelva
2008 – ClassicNorway
2007 – Per Arne Vestavik