NRK Meny
Normal

Reinstammene klarar seg trass kald sommar

Mykje snø i fjella sommarstid kan føre til at fleire reinkalvar døyr, men trass sein snøsmelting i Møre og Romsdal kjem villreinstammane til å klare seg bra, trur Tor Taraldsrud i villreinnemnda for Ottadalen.

Villrein

Villreinen klarar seg truleg bra trass kald sommar med mykje snø i fjella.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

– Kalveproduksjonen varierer frå år til år, så noko variasjon vil det vera. Noko kalvedødelighet vil det vera alle år, men at den blir mykje større i år tvilar eg på, seier Tor Taraldsrud i villreinnemnda for Ottadalen.

– Fasiten får me seinare i sommar, legg han til.

Klarer seg bra på lav

Låge sommartemperaturar kan nokon gonger føre til at reinkalvar frys i hel, men trass dårleg vêr hittil i sommar trur ikkje Taraldsen at vêret er ekstremt nok til å skape store problem for reinstammen.

– Normalt er det simla sin kondisjon før kalving som tel, at dei er i god nok kondisjon til å produsere nok mjølk til kalven. Det er avgjerande, seier Taraldsrud.

– Samtidig så vil jo villreinsimla sin mjølkeproduksjon bli påverka av mattilgang, så der dei finn noko grønt vil nok føre til at dei får betre mjølkeproduksjon. Dei klarer seg bra på lav også, seier han.

Mindre jaktkvotar

Totalt består Ottadalsstammen av rundt 2800 dyr. Taraldsen seier at stor kalvedødelegheit eitt år kan vegast opp ved å regulere storleiken på jaktkvotane.

– Bestanden blir jo regulert gjennom jakt, og årleg blir det bestemt ei tilleggskvote, seier Taraldsrud.

– Har me veldig dårleg produksjon eitt år, så får det den konsekvensen at det blir mindre jaktkvotar året etter, seier han.