Hopp til innhold

Reinsdyret Rudolf (4) blir disneystjerne i Ålesund

Reinsdyret Rudolf (4) har aldri før møtt amerikanske småungar, og anar ingenting om disneyfilmen Frost. Tysdag blir han sjølv superstjerne i Ålesund.

Reinsdyret Rudolf med Ola Vole (9)

Reinsdyret Rudolf og Ola Vole (9) er gode vener. 9-åringen er ein av få norske born som får sett showet.

Foto: privat

I eit snøkledd Lom-landskap beitar reinsdyret Rudolf (4) framleis fredfullt, og anar ingenting om superstjerna han er i ferd med å bli. Allereie tysdag skal han i manesjen for Disney, når han skal vere med i eit spektakulært show i Ålesund.

Ni år gamle Ola Vole skal vera med for å halde styr på reinsdyret.

– Det blir artig, kanskje eg får treffe nokre Hollywood-stjerner, seier Ola.

Far til Ola, Knut Vole (48), er styrar på Glitterheim turisthytte i Jotunheimen, og brukar Rudolf for å køyre turistar på vinterstid. No har dei fått eit heilt spesielt oppdrag.

– Det er visst 2500 amerikanarar om bord i cruiseskipet som kjem. Så mange har Rudolf aldri møtt før, seier Knut.

Berre for amerikanske passasjerar

Reinsdyret Rudolf og guten Ola Vole (9)

Ola Vole (9) blir også med til Ålesund neste veke for å vise fram reinsdyret Rudolf, som skal spele det langt meir kjende reinsdyret Svein frå Disneyfilmen Frost.

Foto: privat

Tysdag skal Rudolf spele det langt meir kjende reinsdyret Svein frå filmen Frost, og det er nok mang ei lokal småjente som drøymer om å sleppe inn på Sunnmøre Museum. Der har Disney planlagt dei to Frost-showa sine i sommar, men det er ikkje kven som helst som får møte prinsessene Anna og Elsa, reinsdyret Svein og snømannen Olaf.

Det er berre passasjerane som deltek på Disney-cruiset, som i år er lagt til Noreg, som slepper inn.

– Eg syns det er kjempeartig. Det er ein fin måte å få vist fram reinsdyret på, som er spesielt for Noreg, og som ikkje mange har hatt nærkontakt med, seier Knut Vole.

Les også:

Skal sjå filmen i helga

Frozen

Filmen Frost har blitt populær blant mange småjenter, også i Noreg, etter lanseringa i 2013.

Foto: mgortz / Ap

Ifølgje arrangøren har filmen "Frost" henta inspirasjon frå H.C. Andersen-eventyr "Snedronningen". Det handlar om ei modig prinsesse som forsøkjer å finne igjen systera si, som har skapt evig vinter med sine overnaturlege evner. Vestlandske fjordar med snø i fjella skulle dermed vere ei høveleg ramme.

Eg er ikkje veldig god på dette, men det er visst ein prinsesse som skal køyrast med hest og vogn, og så skal ein Kristoffer kome leiande med Rudolf, trur eg, seier Vole, som har bestemt seg for å sjå filmen Frost i løpet av helga, for å vite meir kva dei skal vere med på.

Les også:

Reiser nordover tysdag

Natt til tysdag reiser Vole saman med sonen Ola og overgjetar Geir Egil Slettom frå Lom Tamreinlag frå Jotunheimen til Ålesund. Tysdag formiddag skal dei vere klare for generalprøve, og Vole trur Rudolf kjem til å klare seg bra i møte med dei amerikanske ungane.

Det er mange som er redde reinsdyra, og som trur dei er farlege, men det er dei ikkje i det heile tatt. Det går nok fram, så lenge det ikkje kjem frykteleg mange og ropar og bølgjar fram frå alle kantar, seier Vole.

Ola Vole (9)

Reinsdyret Rudolf er fire år gamal, og blir vanlegvis brukt til å køyre turistar i Lom. No skal han ut på nye eventyr.

Foto: privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL