Ordninga skal gi like konkurransevilkår mellom norske og andre europeiske reiarlag.
Fleire reiarlag har signalisert at dei vurderer utflagging dersom ordninga ikkje kjem på plass i dag.
Men fleirtalet på Stortinget har signalisert at dei vil røyste mot ordninga.
- Skuffa over Høgre
- Eg er skuffa over Høgre. Dei har ikkje ein næringspolitikk i det heile tatt, seier førstesekretær i Det Norske Maskinistforbund, Arnljot Muren.
- Eg forstår skuffelsen, men når Muren seier at vi ikkje har næringspolitikk så er det heilt feil, seier stortingsrepresentant for Høgre, Elisabeth Nørve.
Ho meiner man er nødt til å halde eit stramt budsjett.
- Vi må få ned kronekursen og renta, seier ho.
Like konkurransevilkår
Nettolønsordninga for sjøfolk er ei ordning som skal gjere konkurransevilkåra lik andre nordiske og europeiske reiarlag. Men når det no ser ut til at Stortinget går i mot ei slik ordning, er Stig Remøy redd for at dette skal føre til ei utarming av offshorenæringa.
- Det som vil skje er at dei norske sjøfolka delvis vil følgje til Sverige, men dei andre landa vil jo stille sine krav med lærlinga og opplæring og då vil det norske mannskapet havne bakerst i køa, seier reiaren.
Nei frå næringskomiteen
Næringskomiteen kom med si innstilling i saka på tysdag. Dei gjekk i mot, og med mindre eitt eller fleire parti snur når saka kjem opp i Stortinget klokka ti i dag, blir det også det endelege resultatet. Remøy tvilar på ei endring.
- Eg har ikkje noko trur på eit under i denne situasjonen her, seier han.
Farstad flagger også ut
Administrerande direktør i Farstad Shipping i Ålesund, Terje Andersen, er svært kritisk til at det ikkje vert innført nettolønsordning for norske sjøfolk.
Andersen, som også er president i Norges Rederiforbund, seier dette vil føre til utflagging av mange farty.
Farstad Shipping har i første omgang planar om å flagge ut tre farty til Sverige.