Hopp til innhold

Her er Marita inne i ein regnboge

Måndag opplevde Marita Brunstad Sperre ein heilt spesiell fjelltur.

Rund regnboge

Marita Brunstad Sperre syntest det såg skummelt ut då ho kunne sjå sin eigen skugge midt i regnbogen.

Foto: Marita Brunstad Sperre

Marita Brunstad Sperre og to venninner var på fjelltur på Sulafjellet på Sunnmøre førre veke og då den tjukke tåka letta fekk dei seg eit sjokk.

– Plutseleg såg eg ein rund regnboge med skuggen min inni. Det såg skummelt ut, seier Sperre. Ho er glad for at ho ikkje gjekk åleine, for då hadde ho blitt redd av synet.

LES OGSÅ:

Fekk gåsehud

Då venninnene la ut på tur var tåka så tjukk at dei ikkje såg fjorden. Dei kunne sjå ein svak regnboge der dei gjekk langs kanten av fjellet. På tilbakevegen var sikta endå dårlegare, men regnbogen vart sterkare og sterkare. Det rare var at den var heilt rund. Alle tre kvinnene kunne sjå sine eigne skuggar inne i sirkelen, men dei såg ikkje kvarandre sine. Når dei flytta seg var det som om regnbogen følgde etter dei.

– Eg fekk gåsehus, men forsto at det måtte vere eit verfenomen, seier Sperre.

Glorie

– Fenomenet vert kalla glorie eller krans, kan statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand fortelje.

Føresetnaden for å få oppleve dette er at du må befinne deg på ein fjelltopp og ha eit tåke- eller skylag under deg og sola i ryggen. Då vil du kunne sjå din eigen skugge på toppen av skylaget og ein glorie rundt skuggen. Fargane oppstår på grunn av refleksjon og bryting av sollyset i vasspartiklane.

– Eg vil påstå at dette er sjeldan, seier Strand.

Sjeldan oppleving

På starten av turen var ho skuffa fordi tåka øydela utsikta, men no er ho glad for at tåka låg der. Utan den hadde ho nemleg aldri fått denne spøkelseaktige opplevinga.

– Dette er ikkje kvardagskost. Eg tvilar på at eg nokon gong får oppleve dette igjen, seier turgåaren.