Hopp til innhold

Regjeringa vil ha tilbake matlukta på sjukeheimen

Over heile landet har kommunepolitikarar lagt ned sjukeheimskjøkken for å spare pengar. No planlegg regjeringa ei tilskotsordning for å opne opp att kjøkken.

Middag ved Hatlane omsorgssenter

Bebuarane ved Hatlane omsorgssenter i Ålesund får maten levert frå sentralkjøkkenet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er middagstid for bebuarane på Hatlane omsorgssenter i Ålesund, men det finst ingen matlukt i spisestova. Det luktar heller ikkje mat frå dei andre sjukeheimane i kommunen. Grunnen er at middagen ikkje blir laga på institusjonen, men på eit stort sentralkjøkken. Bebuarane sin middag er pakka i plast og varma opp i ein dampomn. Slik er situasjonen for sjukeheimar i heile landet.

Skal lukte godt i gangane

Åse Michaelsen

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) seier at mat er eit viktig satsingsområde i den nye eldrereforma.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Mellom 20 og 60 prosent av pasientar på sjukeheimar kan vere underernærte. Når regjeringa kjem med den nye eldrereforma «Leve heile livet», ynskjer dei å gjere matlaging til ein større del av kvardagen til bebuarane. Planen er ei eiga tilskotsordning for å etablere eller gjenopne institusjonskjøkken, slik dei har i Danmark.

– Det skal lukte godt i gangane og det skal vere hyggeleg. Vi ser jo sjølv når vi er på restaurant at det er ekstra hyggeleg å sjå kokkane bak ein disk, som lagar maten, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp).

Kva med sjukeheimane som er bygt utan kjøkken?

– Det er det vi skal sjå på. Det er lov å bruke hovudet og sjå korleis vi kan gjere dette på best mogleg måte. I staden for å problematisere og seie at her får vi det ikkje til, skal vi vere opne for gode løysingar, seier Michaelsen

LES OGSÅ:

Skjer ikkje over natta

Kjøkkensjef Erlend Eliassen

Kjøkkensjef Erlend Eliassen er positivt til den nye tilskotsordninga for institusjonskjøkken.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Kjøkkensjef Erlend Eliassen ved Nygård bu og behandlingssenter i Sandefjord har vunne fleire prisar for sitt arbeid med sjukeheimsmat. Han er positiv til den nye tilskotsordninga frå regjeringa.

– Det vert eit løft, men eg trur ikkje det er slik at alle kommunar plutseleg opnar sjukeheimskjøkkena over natta, seier Eliassen. Han meiner difor det er viktig å snakke om korleis ein kan gjere måltida best mogleg for bebuarane, uansett om den blir produsert på institusjonen eller på eit sentralkjøkken.

– Eg meiner det er viktig at sjukeheimane har matfagleg kompetanse, som kan ernæring, seier Eliassen.

Lukta går i ventilasjonen

Det Odd Roe Skogen i Eldrerådet i Ålesund saknar når sjukeheimsmaten blir produsert på eit sentralkjøkken, er den individuelle tilpassinga. Slik det er i dag vert maten bestilt 14 dagar i førevegen.

Henning Pilskog ved Hatlane omsorgssenter

Styrar ved Hatlane omsorgssenter, Henning Pilskog, meiner det er mange andre område som treng ¨å satsast på enn å opne opp att institusjonskjøkken.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det hadde vore betre om kvar institusjon hadde sitt eige kjøkken. Både for å kjenne matlukta og kunne tilpasse maten til kvar enkelt, seier Skogen.

Leiar ved Hatlane omsorgssenter, Henning Pilskog, seier at det er mange andre område det bør satsast på enn institusjonskjøkken.

– Maten som kjem frå sentralkjøkkenet er god og bebuarane er nøgde. Det er ikkje slik at matlukta brer seg i heile huset sjølv om sjukeheimen hadde hatt eit eige kjøkken. Lukta går i ventilasjonen, seier Pilskog.