Tsunamiar, jordskjelv, lama og fiskearten tørrfisk er vanleg på Vestkapp.
Dette var noko av det ein guide fortalde til cruisebåtturistar i Måløy i juli. Norske Per Christensen var med på turen, og blei intervjua av lokalavisa Fjordenes Tidende i etterkant. Han reagerer på det som vart sagt under bussturen.
– Guiden sa det var mykje jordskjelv i Noreg og at vi var plaga av tsunamiar. Vi fekk ôg høyre at tørrfisk er eit viktig fiskeslag og at det er mykje lama i Noreg. Det heile var ei nokså bisarr oppleving, seier Christensen.
Han klaga til reiarlaget etter turen og tenker på inntrykket dei utanlandske turistane fekk.
Per Christensen reagerer på informasjon under ein guida busstur i Måløy. Han kallar turen ei bisarr oppleving.
Foto: Per ChristensenNasjonal godkjenningsordning er under arbeid
– Vi kjenner til fleire døme på liknande historier, seier Haaken Christensen, fagansvarleg for naturbasert reiselivsutvikling i Innovasjon Noreg og Visit Norway.
Guide er ikkje ein beskytta tittel. Kven som helst kan dermed kalle seg guide. No kan det bli ei endring på dette.
I Hurdalsplattforma hausten 2021 bestemte regjeringa at det skal utarbeidast forslag til ei nasjonal godkjenningsordning for lokal- og regionguider, turleiarar og fjellførarar. Christensen leiar arbeidet, der reiselivsaktørar, Standard Noreg, friluftslivsogransisasjonane og aktuelle utdanningsinstutisjonar tek del.
Haaken Christensen i Innovasjon Noreg seier målet med arbeidet er å auke kvaliteten på opplevingane.
Foto: Privat– Vi har fått inn mange innspel. Forslaget skal leverast til regjeringa i desember, fortel Christensen.
Ordninga skal gjelde all slags guiding, både dei som guidar cruiseturistar i buss og fjellførarar på Store Skagastølstind.
– Det er eit vidt spekter, men truleg vil vi foreslå ei tilråding til basiskrav som bør gjelde alle guidar. Til dømes er god og riktig formidling, samt kunnskapar rundt risikovurdering og førstehjelp viktig.
Viktig å få krav på plass
– Det eit problem for heile bransjen når ein ikkje har konkrete krav, seier Oscar Almgren, leiar for Uteguiden AS. Firmaet har base i Stranda på Sunnmøre og driv turguiding.
Oscar Almgren i Uteguiden AS meiner det er eit problem for heile bransjen når ein ikkje har konkrete krav.
Foto: Oscar Almgren / UteguidenAlmgren har jobba aktivt med å gi innspel til forslaget regjeringa skal handsame.
– Ein slik prosess er viktig for oss i bransjen for å få fleire flinke guidar på tur, enten det gjeld byguiding eller guiding opp på ein kvass fjelltopp. Det vil òg kunne styrke anerkjenninga til guideyrket, seier Almgren.
40 år med kamp for krav
Noregs Guideforbund har i 40 år jobba for ei standardisert kvalitet på guidetenesta. I mellomtida har Ålesund guideforeining laga si eiga, lokale godkjenningsordning.
– Hos oss må ein ha 150 timar med kurs, levere prosjektoppgåve og ta både munnlege og skriftlege eksamenar, fortel Margunn Kristin Vassdal, leiar for Ålesund Guideforening.
Mikael Ruud har jobba som guide sidan 2019. No er han sertifisert Ålesundsguide og synest kurset har vore ei nyttig kvalitetssikring.
Foto: Linda Bakken / NRKSvein Michael Ruud er ein av dei som er sertifisert guide i Ålesund. Han tok kurset etter å ha jobba fleire år som guide.
– Det er nyttig å kvalitetssikre informasjonen og snakke med andre guidar, seier Ruud.
Hilde Østby er sjølv auorisert guide og driv guideformidlingsselskapet Noreon.
Foto: PrivatHilde Østby i guideformidlingsselskapet Noreon synest fokus på kvalitet er viktig.
– I Ålesund nyttar vi autoriserte guidar. Der det ikkje er autorisasjonsordning, nyttar vi alltid guidar med lokal tilknyting. Folk betalar mykje for å komme hit, og då vil vi vere seriøse og vere sikre på å tilby kvalitet. Guidane må kunne det dei snakka om. Derfor ønsker eg gjerne at det vert innført ei godkjenningsordning, avsluttar ho.