Hopp til innhold

Fjernar raudt nivå på vidaregåande – Theodor (16) trur han har mist mykje på Teams

Theodor Leine saknar å få vere meir på skulen med kompisane sine. No varslar regjeringa endringar i smittevernreglane på vidaregåande skule.

Theodor Leine er elev ved Herøy v.g.s

Theodor Leine gler seg til å vere meir på skulen. Han har ikkje likt å sitje framfor datamaskinen i staden for å vere på Herøy vidaregåande.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Theodor Leine går første året på Herøy vidaregåande skule, men er heime i huset til foreldra sine dei fleste skuledagane. Sidan før jul har det vore raudt nivå i vidaregåande, og 16-åringen synest det er vanskeleg.

– Du sit no heime og det er kanskje litt kjedeleg. Vi sit jo framfor pc-en og berre jobbar med oppgåver. Vi har ingen andre å snakke med fysisk, vi ser dei berre gjennom skjermen, seier han.

For elevane no får berre møte på skulen enkelte dagar, etter at regjeringa innførte raudt nivå. Avgjerda var i strid med råda både frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og blei møtt med sterk kritikk.

– Endringar før fredag

Men no blir det truleg endringar i løpet av kort tid. Statssekretær Hallvard Hølleland (Ap) stadfestar overfor NRK at det kjem til å skje allereie før fredag 14. januar.

– Vi vil endre trafikklys i vidaregåande frå raudt til gult. Det må vere eit gult nivå som gjer det mogleg for elevane å vere mykje til stades, samtidig som vi sikrar smittevern, så Hølleland til NRK i helga.

Måndag formiddag presiserer departementet at det ikkje er avklart kva for nivå skulane skal gå til når dei forlet raudt nivå.

Hølleland seier regjeringa har gitt nasjonale helse- og utdanningsstyresmakter i oppdrag å lage eit nytt gult nivå for å få fleire elevar meir på skulen raskt.

– Regjeringa vil før 14. januar gjere endringar i tiltaka som gjeld no, slår han fast.

Kva det nye gule nivået vil seie konkret, svarar han ikkje på, men seier det inneber at elevane skal vere meir på skulen enn i dag.

Hallvard Hølleland

Statssekretær Hallvard Hølleland (Ap) seier regjeringa kjem til å innføre eit nytt gult nivå før torsdag.

Foto: Andrea Melby / NRK

Brenna: Avgjerd i løpet av veka

Kunnskapsminister Tonje Brenna seier i nyhetsmorgen måndag at regjeringa jobbar med trafikklysmodellen.

– Målet er å ta ned tiltaka, og med raudt nivå i vidaregåande er det ein naturleg stad å starte, seier Brenna.

– De har bede om eit nytt gult nivå i vidaregåande. Det er vel fordi de skal vekk frå raudt nå?

– Det er ein heilt annan tilgang på testar no. Det kjem til å verke inn på innretninga av tiltaka. Det er ein del av biletet. Fleire er vaksinerte og betre tilgang på testar peikar i retning av at vi kan lette på tiltaka overfor barn og unge. Vi kjem til å ta avgjerda vår i løpet av veke, sier ho.

– De høyrde ikkje på dei faglege råda sist de gjorde endringar for elevar i vidaregåande?

– Sist var Utdanningsdirektoratet tydelege på at gult nivå var krevjande å organisere i vidaregåande. Derfor har vi bede Utdanningsdirektoratet saman med helsestyresmaktene sjå på korleis ein kan vurdere trafikklysmodellen slik at den blir betre. Målet er uansett å komme til lågare tiltaksnivå overfor barn og unge.

– Ikkje optimal

Rektor Ester Sørdal Klungre på Herøy vidaregåande skule er ei av dei som synest det er tungt å sjå at elevane må vere meir heime. Ho er leiar på ein skule med mange yrkesfaglege studieretningar. Der ville ho gjerne hatt elevane kvar dag.

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at mange av våre elevar har valt praktiske linjer fordi dei likar å jobbe med det praktiske. Då er det klart at den digitale undervisninga ikkje er optimal for alle, seier ho.

Ester Sørdal Klungre

Rektor Ester Sørdal Klungre ved Herøy vidaregåande skule seier heimeundervisning ikkje passar for alle elevar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Gler seg til å kome tilbake

Seinast fredag fortalde rektor ved ein av landets største vidaregåande skular at mange elevar no sluttar fordi dei ikkje orkar meir.

16-åringen Theodor Leine i Herøy er ein av dei som gjerne skulle vore meir på skulen. Han har fått ein ufrivillig, uvanleg start på vidaregåande, og er glad for at det no blir endringar i løpet av kort tid.

– Eg trur eg har fått lært mykje, men eg trur også eg har gått glipp av ein del, det er litt leitt, seier han.

Theodor Leine

Theodor Leine trivst best når han får vere på skulen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK