Hopp til innhold

Vegvesenet foreslår å redusere rabatten på ferjereiser

Å halvere prisen på ferjebillettar er eit prestisjeprosjekt for regjeringa. No foreslår Statens vegvesen å gje folk med ferjeavtale mindre rabatt.

Bilferja Moldefjord

RABATT: Dei fleste som reiser regelmessig med bil på ferjer her i landet har rabattavtale. Statens vegvesen foreslår å kutte i denne rabatten. Bildet viser bilferja Moldefjord i rute mellom Molde og Vestnes.

Foto: Tore Ellingseter

Frå nyttår vert prisen på ferjebillettar sett ned over heile landet.

Langs heile kysten har folk jubla for priskutta, men eit forslag frå Statens vegvesen kan gjere at mange ferjekundar blir skuffa.

Tidlegare i år bad samferdsledepartementet Vegvesenet om å ta ein «heilskapleg gjennomgang av takst- og rabattstrukturen i ferjedrifta».

For å svare på bestillinga hyra Vegvesenet inn konsulentar frå Oslo Economics.

Saman har dei kome med eit forslag dei kallar «FerryPay 2.0»

Eit av tiltaka i «FerryPay 2.0» er å endre satsen for rabattavtalar til 20 %.

I dag gir ferjeavtale rabatt på 50 % for private og 40 % for næringsliv.

– Veldig dårleg idé

– Det er ein veldig dårleg idé. Rabattordninga fungerer bra i dag, seier Olav Vikhagen.

På ferja mellom Molde og Vestnes ristar han på hovudet over forslaget.

– Dei legg på eine plassen, og tek av den andre. Eg skjønar ikkje poenget med det reknestykket, seier han.

Olav Vikhagen.

DÅRLEG IDE: Olav Vikhagen frå Molde skjønar ikkje poenget med forslaget om å kutte i ferjerabatten like etter at ein har sett prisane ned.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / nrk

Og Vikhagen får støtte frå politisk hald.

Kristin Sørheim (Sp) er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Ho meiner Vegvesenet burde kome med eit forslag som var meir i tråd med kva fleirtalet ynskjer.

– Vi håpar at dette forslaget blir lagt i ein skuff. Dei som tek ferje ofte har rabattavtale, og med dette forslaget så vil dei få dyrare ferje – ikkje billegare, seier ho.

Reknestykka til konsulentane i Oslo har ikkje Sørheim mykje til overs for.

– Oslo Economics seier rett ut at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å gi meir rabatt. Men det spelar ingen rolle når Stortinget og alle vi andre vil ha prisane ned. Kostnaden har blitt alt for stor for dei som er avhengig av ferje, seier ho.

Kristin Sørheim

OVERRASKA: Kristin Sørheim er fylkespolitikar for Senterpartiet. Ho stussar over at Statens vegvesen ikkje er meir i tråd med dei politiske signala som har kome det siste året.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ran på høglys dag

Ferjeopprøret blei starta i protest mot det dei meiner er alt før høg pris på ferjebillettar. Dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde meiner forslaget er totalt uakseptabelt.

– Vi trudde nesten det var tull då vi såg dokumenta. Det er eit ran på høglys dag. Dette kjem vi til å ta opp med både Vegvesen og politikarar. Det er stikk i strid med alt som er lova, seier Vedde.

Henrik Dalelid Vedde, daglig leder, Ferjeaksjonen møre og Romsdal

FERJEAKSJON: Henrik Dalelid Vedde er leiar for ein organisasjon som jobbar for å få lågare ferjeprisar. Han meiner forslaget heller bensin på bålet til dei som er opprørt over billettprisane på ferjer.

Foto: Roar Strøm

Vil gå igjennom innspela

Frå nyttår vil ferjeturen koste 30 prosent mindre enn for eitt år sidan. 11,7 prosent mindre enn i dag.

I løpet av fire år har Støre-regjeringa lova å sette prisen vidare ned, til 50 prosent av januar 2021-prisen.

Statens vegvesen sine berekningar viser at om dei endrar rabattordninga, så vil dei reisande få høgre kostnadar igjen. Om politikarane ynskjer å hindre det, tilrår Vegvesenet dei å sette ned takstane enda meir enn det som allereie er planlagt.

Gjennomgang av takst- og rabattstruktur i ferjedriften, Statens vegvesen.

FERJEAVTALE: Dei aller fleste som reiser med ferje regelmessig har ein rabattavtale som gir 50 % til privatbilar og 40 % til verksemder.

Foto: SKJERMDUMP / STATENS VEGVESEN

Statens vegvesen seier dei no vil gå gjennom innspela frå høyringa.

Tor Myklebust i avdeling for drift og vedlikehald presiserer at tiltaka ikkje påverkar prisnedgangen som skal kome 1. januar.

Ei eventuell kutting av rabatten vil kome i tillegg.

Bilferja Korsfjord

FERJE: Om forslaga til Statens vegvesen blir sett i verk blir det ein ny rabattavtale på ferjereiser.

Foto: Tore Ellingseter / nrk