Regiondebatt ga fullsett sal

Det er på sin plass å ta regiondebatten no, meinte mange i salen på folkemøtet i Kristiansund i går kveld. Det står i kontrast til fleire av politikarane, som ønskjer å vente til kommunereforma er gjennomført.

Mange har møtt fram for å høyre diskusjonen om kva fylke nordmørskommunar bør høyre til.

Mange møtte fram til regiondebatten i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kommentarane frå folk flest i salen etter møtet var at dette «var bra, heilt fantastisk, interessant, informativt og gode meiningar på tvers av fogderigrensene».

– Nordmøre må snarast få greidd ut ei samanslåing med Trøndelag, sa Jan Erik Larsen som for tida er prosjektleiar i Kristiansund og Nordmøre næringsforum.

Utsett og opprørt

Jan Erik Larsen

Høyrer Nordmøre med til Vestlandet eller Trøndelag? Jan Erik Larsen og fleire meinder det må bli utgreidd.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Han meinte det hadde vore frigjerande om Mørebenken, regjeringa og andre stortingspolitikarar frå alle parti kom til Nordmøre og sa «vi har sett og forstått dykk», for så å kome regionen i møte.

Larsen peikte på Nordmøre som ein særleg utsett og opprørt region. Signal også fylkesordførar Jon Aasen hadde fanga opp.

– Debatten og urosignala var tydelege, ein må vere medvitslaus for ikkje å ha merka dei.

Og viss det først blir ei endring i regionar, ser fylkesordføraren heller mot nord enn mot sør. Ikkje berre for Nordmøre, men for heile fylket.

Og da vedgår han at han snakkar fornuftsekteskap, og ikkje genetisk, ikkje med haldningar og ikkje med ryggmargen.

Heile fylket til Trøndelag?

Jon Aasen

Møre og Romsdal har mest å hente i nord, meiner fylkesordføraren.

Foto: Roar Halten / NRK

Men vi må tenke lenger, svarar Aasen. Vi må sjå kvar har vi mest å utvikle oss på, og kvar har vi konkurranse på det vi er gode på. Då er sjansane størst til å samle oss nordover, for går vi sørover konkurrerer vi med Bergen på det vi sjølve er veldig gode på.

Samtidig som mange i salen sette pris på regiondebatten, var andre ikkje samd i tidspunktet. For samtidig går føre seg debatten om kommunereforma.

Kommunereform først

– Eg er også for ein regiondebatt, men den må kome til rett tid, sa ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard. Han diskuterer i desse dagar samanslåing med kommunar som ønskjer å vente med regionspørsmålet.

Kjell Neergaard (Ap) - ordfører i Kristiansund

Også Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard vil ha ein regiondebatt, men ser helst at kommunereforma er unnagjort først.

Foto: NRK

– No har eg fått klare meiningar frå salen om kvifor vi må starte med regiondebatten, men det er fleire ukjente faktorar med den framleis.

Samtidig viser Neergaard til at kommunereforma snart er landa, sidan ein i februar skal ha ein intensjonsavtale klar, i april skal det vere folkerøysting og innan juli skal vedtak vere gjort.

– Uansett kjem regiondebatten i gang nokså kjapt, og etter signala frå salen i kveld må vi ta den på alvor.