Refstie held fram som ordførar

Miljøpartiet De Grønne vil samarbeide med Arbeiderpartiet og SV i Sunndal dei neste fire åra. Det stadfestar MDG-politikar Germain Schmid overfor NRK. Dermed held Ståle Refstie fram som ordførar i Sunndal. Arbeidarpartiet som har hatt reint fleirtal i Sunndal, gjekk kraftig tilbake i valet, og MDG kom i vippeposisjon. MDG valde SV og AP. Schmid meiner det ville blitt vanskeleg å samarbeide med Frp fordi dei to partia står for ulike verdiar.

Ståle Refsti
Foto: Gunnar Sandvik / NRK