Hopp til innhold

Refsar britane for Sellafield

- Det er uakseptabelt at britiske styresmakter ventar i fem dagar med å seie frå om radioaktive utslepp frå Sellafield, seier Asmund Kristoffersen (A).

Sellafield

Sellafield

Foto: NRK

Asmund Kristoffersen

Asmund Kristoffersen

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Stortingsrepresentanten frå Tingvoll seier Storbritannia bryt reglane for varsling av andre statar når dei ventar så lenge. - Dette vil nok få eit etterspel, seier han.

- Bør stengjast

Miljøvernminister Erik Solheim meiner atomanlegget i Sellafield i Nord-England er eit problem for tilhøvet mellom Noreg og Storbritannia, og at det bør stengjast.

Tidspunktet for å stanse drifta av anlegget blir stadig utsett. I august i fjor blei det sagt at drifta vil halde fram til 2020.

-Farleg for oss

For berre to veker sidan var Asmund Kristoffersen i møte med leiinga i det amerikanske selskapet som no har teke over drifta av Sellafield. Dei forsikra om at erfaringane dei hadde frå drift i USA ville gjere anlegget tryggare, og at anlegget i seg sjølv ikkje er ein fare for omgjevnadene. Kristoffersen er ikkje sikker på at det stemmer.

- Gjennom åra har det vore mange uhell ved dette anlegget. Den siste hendinga viser at det ikkje blir drive slik det burde. Vi er faktisk utsette for fare, seier han.

Sellafield og Kristoffersen

Sellafield på kysten av Cumbria ved Irskesjøen omfattar både eit kjernekraftverk og eit gjenvinningsanlegg for brukt atomdrivstoff. Asmund Kristoffersen er leiar for Miljø- og naturressursutvalet i Nordisk Råd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.