Hopp til innhold

Redusert straff i valdtektssak

Lagmannsretten har redusert straffa for ein ålesundsmann i 30-åra, som var med på å tvinge ein mann til å valdta seg sjølv med ei flaske. Ålesundaren blei i tingretten dømd til fengsel i 7 år og 6 månader, no er straffa redusert med eitt år og sju månader. Også ein romsdaling i 30-åra som var involvert i saka har fått redusert straffa. Dei må i tillegg betalte den fornærma 250 000 kroner.

Frå før er tre andre dømde til lange fengselsstraffer for valdtekten.