På julaftan (24. desember) er det berre følgande bussruter som køyrer
- Rute 618 Hessa-Skarbøvik-Ålesund sentrum-Ålesund sjukehus-Moa-Myrland-Magerholm
- Flybussen i Ålesund rute 660
- FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes
- FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes
- FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal
Fylkeskommunen gjer merksam på at det er feil i det trykte ruteheftet for Ålesund, Giske og Sula. Det er ikkje laurdagstilbod for bussane i dette området på julaftan og nyttårsaftan, slik det står bak i det trykte ruteheftet.
Justerte ferjeruter
Det er justert på nokre av avgangane til ferjerutene 50 Seivika-Tømmervåg og 54 Sandvika-Edøya, slik at dei også korresponderar på 1. juledag. Slik blir avgangane på desse to rutene:
- Avg. frå Seivika kl. 08.00, 10.30, 13.30, 15.30, 18.00 og 21.00.
- Avg. frå Tømmervåg kl. 08.30, 11.00, 14.00, 16.00, 20.00 og 23.00.
- Avg. frå Sandvika kl. 08.45, 12.45, 14.45, 18.45 og 21.45.
- Avg. frå Edøya kl. 10.20, 13.20, 15.20, 19.20 og 22.20.
FRAM Flexx-tilbodet i fylket er innstilt i jula, i perioden 23.12.17-01.01.18.