Hopp til innhold

Redusering ikkje nok for AaFK

Diego Silva si skåring etter 64 minutt var ikkje nok. AaFK tapte 1-2 mot Viking søndag kveld.

AaFK-supporerar under kampen mot MFK 28.06.08
Foto: Andreas Sundby / NRK

Sist slo dei Brann i Bergen. I dag møtte AaFK Viking heime.

AaFK har ei lang rekkje skadde spelarar, og møtte difor sterkt reduserte til dagens kamp.

Redusering frå 18 meter

Viking skåra 1-0-målet etter 32 minutt. Då var Allan Gaarde oppe og putta for Stavanger-laget.

Ti minutt etter pause auka Børre Steenslid til 2-0 for gjestane, berre ni minutt før Diego Silva reduserte med eit skot frå 18 meter.

Nest sist

AaFK pressa på etter reduseringa, og hadde fleire hjørnespark og målsjansar mot slutten av kampen. Likevel fekk ikkje dei skåra fleire, og tapte dermed tre viktige poeng mot Viking.

Aalesund ligg no på nest siste plass, fire poeng framfor HamKam, som har spelt ein kamp mindre.