NRK Meny
Normal

Redningsvesten kan gi falsk tryggleik

Båtsesongen er allereie i gang, men det er ikkje nok å berre smørje båten. Redningsselskapet fryktar at mange ikkje veit at også redningsvestane treng vedlikehald.

Kenneth Nilsen sjekker redningsvester

Kenneth Nilsen frå Redningsselskapet sjekkar redningsvestar i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Frå 1. mai 2015 vart det påbode å bruke redningsvest i fritidsbåtar som er under åtte meter. Oppblåsbare redningsvestar bør kontrollerast ein gong i året, nokre annakvart år.

I Kristiansund stod Kenneth Nilsen frå Redningsselskapet klar til å sjekke vestane til publikum måndag kveld.

– Alle oppblåsbare flytevestar krev service, seier Nilsen. 24. april arrangerer Redningsselskapet sjekk vesten-dagen for aller første gang.

Falsk tryggleik

Bertil Holen

Bertil Holen, regionleiar i Redningsselskapet, seier at vesten kan gi falsk tryggleik.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Regionleiar i Redningsselskapet, Bertil Holen, fryktar at mange ikkje er klar over at vestane må haldast ved like.

– Vesten kan vere ein falsk tryggleik, dersom du ikkje sjekkar den, seier Holen.

Med dagens oppblåsbare redningsvestar er der ein utløysarmekaniske, som ein bør vere sikker på verkar.

– Folk må passe på at patrona med CO₂-gass er godt skrudd fast og at den ikkje har rust på seg, seier Holen. Det kan også ha kome hol i vesten eller cellulosetabletten som utløyser redningsvesten kan ha gått ut på dato. Tabletten har avgrensa levetid. Fukt kan også gjere at redningsvesten ikkje løyser seg ut slik den skal.

LES OGSÅ:

Får panikk

– Vi har opplevd å få inn vestar som skulle ha vore bytta ut for 15 år sidan, seier Holen. Han seier det er lett å få panikk dersom ein ventar at redningsvesten skal løyse seg ut sjølv automatisk, men ikkje gjer det. Folk gløymer å dra i snora som bles opp vesten manuelt.

– Eg meiner at dei som sel vestane burde vere flinkare til å informere kundane om at vestane treng service, seier Holen.