NRK Meny
Normal

– Denne båten hadde vore midt i blinken for far

Den nye redningsskøyta i Fosnavåg, har fått namn etter industribyggaren Idar Ulstein. Borna Gunvor og Tore Ulstein meiner dette er beste måten å heidre minnet etter faren på.

Gunvor og Tore Ulstein framfor redningsskøyta

Gunvor og Tore Ulstein framfor redningsskøyta som har fått namn etter faren deira, Idar Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den nye redningsskøyta som skal ha base i Fosnavåg, har fått namnet etter industribyggaren Idar Ulstein. Han var konsernsjef i Ulstein Group, og det er konsernet som har finansiert brorparten av dei 38 millionar kronene båten kostar. Redningsskøyta skal døypast torsdag.

Tore Ulstein

Tore Ulstein trur faren hadde elska den nye redningsskøyta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hadde elska båten

I dag fekk syskena Gunvor og Tore Ulstein ein testtur med båten og konklusjonen deira er at dersom faren framleis hadde levd, hadde han elska den topp moderne redningsskøyta.

– Han hadde gått rundt som ein nysgjerrig unge og ville visst alt om båten og gjerne prøvd alt også, seier Tore Ulstein.

Han meiner at det å prøve nye ting og utfordre det eksisterande, hadde vore midt i blinken for faren.

Redningsskøyta Idar Ulstein

Redningsskøyta er topp moderne med avansert utstyr for krevjande oppdrag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Topp moderne skøyte

Gunvor Ulstein meiner at redningsskøyta kan ikkje bli anna enn bra.

– Ein topp båt med topp utstyr, kombinert med topp mannskap, må berre gi eit godt resultat, seier Ulstein.

Den nye redningsskøyta er bygt for å tole stor belastning i stor sjø. Den har også avansert utstyr. Båten er den første i ei heilt ny skøyteklasse. Ulstein-klassen skal kunne takle redning under krevjande forhold.

– Det å få ein Ulstein-klasse er ei anerkjenning, seier Tore Ulstein.

Den nye redningsskøyta har fått namnet Idar Ulstein.
Ulstein-konsernet har stått for seksti prosent av finansieringa.
I dag var etterkomarane Gunvor og Tore ute på tur med den topp moderne skøyta