Hopp til innhold

Redningsskøyta i Ålesund prøvde berge stranda kval

– Dette er ikkje akkurat det vi har øvd mest på, seier Jon-Ola Wattø på redningsskøyta i Ålesund. Fire manngjorde sitt beste for redde ein kval som låg i fjøresteinane, utan å lukkast.

Redningsskøyta sleper død kval

Redningsskøyta sleper den daude kvalen ut i ope hav.

Foto: Jon-Ola Wattø

Redningsselskapet er vande med å rykke ut når folk er i naud, men i dag vart dei ringt opp frå publikum som tipsa om ein kval i fjøresteinane på Kverve på Ellingsøya i Ålesund.

– Ein halvtime før vi kom såg folk at kvalen både pusta og bevegde seg, seier operativ leiar om bord i redningsskøyta Det Norske Veritas II, Jon-Ola Wattø.

LES OGSÅ:

Sleper død kval

Redningsselskapet prøvde å berge kvalen, utan å lykkast.

Foto: Jon-Ola Wattø

Då dei kom fram prøvde dei fire om bord å feste kvalen for å dra han ut i sjøen. Det fekk dei ikkje til. Dei prøvde også å dra han om bord i båten, men såg raskt at kvalen var livlaus.

Politiet ga råd

Dermed ringde dei politiet for å be om råd.

Eg svarte at dersom dei har moglegheit til å slepe kvalen på open sjø er det det beste, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Per-Martin Bjartan.

No sleper redningsskøyta den daude kvalen ut på ope hav for å la han søkke der.

Sjuk og skadd

– Når slike dyr går på land er det truleg eit sjukt dyr. Kvalen hadde store, synlege skader, men vi hadde eit klart håp om å berge den, seier Wattø.

Redningsskøyta er bemanna av frivillige og dei har aldri hatt eit slikt oppdrag før. Dei har øvd mykje på hjarte og lungeredning, men ikkje å berge kvalar.

– Dette er ikkje akkurat det vi har øvd mest på, seier Jon-Ola Wattø.

Hjelper gjerne

Redningsselskapet får frå tid til anna spørsmål om å hjelpe til når kvalar strandar.

– Vi har god kapasitet, fordi vi har sterke redningsskøyter, som kan dra dyra til havs. Av og til ender det godt og andrer tider ikkje. Det er flotte dyr og hyggeleg når dei kan leve vidare. Men det er nok ein grunn til at dei går i land, seier Frode Pedersen. Han er kommunikasjonsskef i Redningsselskapet.

Tidlegare i år vart det stor debatt då redningsskøyta varm ed å berge ein kval på Hvaler, som seinare døydde.