Hopp til innhold

Vil ha ei redningsskøyte maks ein time unna deg

Redningsselskapet treng ekstra pengar. Målet er at redningsskøytene skal vere plassert så tett, at dei når folket innan ein time langs heile kysten.

Redningsskøyta Horn Flyer

Redningsselskaper ynskjer å auke beredskapen langs kysten. Målet er å ha redningsskøyter med rekkjevidde på ein time.

Foto: Rainer Prang / NRK

Redningsskøyta

Per Bergmann og Peter Johansson arbeider på redningsskøyta Halfdan Grieg

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kvar einaste dag er redningsskøytene ute og hjelper folk i havsnød. 25 skøyter har løna mannskap, medan 17 skøyter vert bemanna av rundt 1000 frivillige.

– Alle som ferdast ved og på sjøen i Noreg skal føle seg trygge. Men det er slik at vi på lik linje med alle andre humanitære organisasjonar må snu på krona, seier Kristin Sandnes. Ho er marknadsansvarleg i Møre og Romsdal.

Ein time unna

Målet til Redningsselskapet er å ha ei redningsskøyte innan ein times rekkevidde langs heile kysten av Noreg, bortsett frå i Troms og Finnmark. Dermed er ein avhengig av meir pengar for å auke beredskapen. Innan 2015 ynskjer selskapet å få på plass fleire frivillig bemanna sjøredningskorps.

Det er åtte stader der det er eit stort behov for redningsskøyter. Det er på Svalbard- Harstad (Troms), Narvik (Nordland), Ørnes (Nordland), Bessaker (Sør-Trøndelag), Ålesund (Møre og Romsdal), Florø (Sogn- og Fjordane) og Bømlo/Stord (Hordaland).

LES OGSÅ:

20 millionar ekstra

Redningsselskapet får 132,5 millionar kroner årleg gjennom tippemidlane i Kulturdepartementet. Dei søkte også om 76 millionar kroner over statsbudsjettet neste år, men fekk berre 56 millionar.

I sitt alternative statsbudsjett vil KrF gi ei ekstra løyving på 20 millionar kroner.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide representerer Krf på Stortinget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi meiner at gjennom å styrke Redningsselskapet vert beredskapen langs kysten betre, seier stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide. (KrF) Ho har stor tru på at dei vil få med seg Høgre og Framstegspartiet.

Garn i propellen

På sommaren er det ofte fritidsbåtar som treng hjelp av Redningsselskapet. Når sesongfisket startar er typiske oppgåver å hjelpe fiskebåtar som har fått garnet i propellen.

– Vi meiner sjølv at vi gjer ein svært viktig jobb. Det å sikre trygg ferdsel langs norskekysten må vere eit spleiselag mellom oss sjølve, næringslivet og styresmaktene, seier Sandnes.