Hopp til innhold

Redningsaksjon Stranda

  • Mann henta ned frå fjellet

    Mannen som hadde gått seg fast i ei bratt fjellside ved Djupvatnet i Stranda er henta ned igjen. Det melder Hovudredningssentralen på Twitter. Mannen ringte sjølv til politiet like etter klokka 15.00 for å få hjelp for å kome seg ned.

  • – Han kjem seg verken opp eller ned

    Mannen i 30-åra som har gått seg fast i ei fjellside ovanfor Djupvatnet i Stranda er uskadd og varsla sjølv politiet like etter klokka 15.00. – Det er så bratt at han kjem seg verken opp eller ned. Han er ved godt mot og ventar på å bli henta ut, fortel operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Thomas Holte. Det tok litt tid å lokalisere mannen, men no er Røde Kors på veg.

    Djupvatnet Geiranger
    Foto: Terje Reite / NRK
  • Redningsaksjon Stranda

    Det pågår no ein redningsaksjon i Stranda. Ein mann har gått seg fast om lag 100 metter oppe i ei fjellside. Den alpine redningsgruppa i Lom skal hente mannen ned, melder Hovudredningssentralen.