Like før klokka halv fire sette naudetatane i gang søk etter ein mindre båt og to personar etter melding frå ein tipsar.
Ein time etter avsluttast søket fordi det ikkje er gjort observasjonar av båt eller personar, skriv politiet i Møre og Romsdal.
– Med dei gode søksforholda som er i området, tenker vi at her hadde vi gjort funn dersom det var noko, seier Kristin Lundheim, redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.
Fekk inn tips
Lundheim trur ikkje tipset var falskt.
– Vedkommande som ringde inn var nok litt for langt unna til å vere sikker, og det var nok vanskeleg å sjå. Uansett er det betre at folk ringer inn ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Det var like før klokka halv fire fekk naudetatane melding om ein båt som skulle vere i ferd med å gå ned i Fannefjorden ved Kleive i Molde.
– Vi har fått melding om ein liten båt som tar inn vatn i Fannefjorden. Det er mogleg at to personar er involvert, men dette har vi ikkje fått stadfesta enno, sa Lundheim rundt klokka 15:45.
Ho fortalde vidare at alle naudetatane var på veg til staden, og at brannbåt og luftambulanse var framme.
– Det var ein observatør som varsla oss om hendinga. Vi veit ikkje noko om tilstand til dei involverte fordi vi ikkje har kome fram til staden endå, sa Lundheim.
Like etter klokka 16 skreiv politiet i Møre og Romsdal at dei ønsker tips dersom ein veit om personar som har vore ut med båt i området den siste timen.
Det var det blei ringt inn observasjon av ein søkkande båt.