Hopp til innhold

To personar er plukka opp frå sjøen

Ein båt har forlist på Edøyfjorden og to personar hoppa på havet. Dei vart berga av mannskap i ein lettbåt.

Edøyfjorden

Den første meldinga om båten som tok inn vatn, kom inn til Hovedredningssentralen klokka 19.28.

– To personar hoppa på sjøen og eg har akkurat fått melding om at dei no er plukka opp, seier redningsleiar Stein Jarle Langvik ved HRS Sør-Noreg til NRK like etter klokka 20. Det var fleire båtar i området som responderte på Mayday-meldinga, blant anna ambulansebåten og hurtigbåten.

Ferja snudde

Også ferja som går i sambandet Edøya - Sandvika deltok i redningsaksjonen.

Skipper på MF Edøyfjord, Anton Kristiansen, seier at dei snudde og gjekk ut av ferjeruta med ein gong dei fekk naudmeldinga. Då dei kom fram hadde båten sokke og dei to personane om bord låg i sjøen med overlevingsdrakter på seg.

– Dei låg nokså lenge i sjøen. Eg vil tippe ein halvtime eller 45 minutt. Hadde dei ikkje hatt draktene på seg, hadde det vore lenge, seier Kristiansen. Slik han forstår det er personane i god behald. Båten som forliste skal tilhøyre eit oppdrettsanlegg.

Dramatisk

Lise Brændeland var passasjer om bord i hurtigbåten då naudmeldinga kom. Sidan ho er intensivsjukepleiar melde ho seg til å hjelpe til. Ho stod klar på brua med førstehjelpsutstyr og såg korleis mannskap frå båtane prøvde å berge dei to.

– Det må ha vore svært dramatiske for dei som låg i sjøen. Bølgene var veldig høge og det var kaldt. Eg har sjølv trent i overlevingsdrakt i stille vatn og kan berre tenkje meg korleis det er å ligge slik i dårleg ver, seier Brændeland.

Ikkje behov for helsehjelp

Det var mannskap frå ein annan båt som fekk dei to opp av sjøen.

Havariet skjedde mellom Smøla og Gridsvågøya.

Eric Willassen ved Hovedredningssentralen seier at det skal stå bra til med dei to personane og at dei ikkje har behov for helsehjelp.

– Kva som er årsaka til havariet er for tidleg å seie noko om, seier Willassen.