Helikopter på veg til Brekketindbreen.
Foto: Rune Sæbønes

Redningsaksjon på Brekketindenbreen

Oppsummert

Ein mann skal fallt ved Brekketindbreen.

  • Sendt til sjukehus etter fall

    Redningshelikopteret har no henta mannen som falt ved Brekketindbreen mellom Ørsta og Stranda. Mannen blir floge til Ålesund sjukehus for undersøkingar. Politiet opplyser om at vedkommande skal vere bevisst og oppegåande.

  • Har lokalisert mannen

    Hovudredningssentralen har lokalisert mannen som skal vere skada på toppen av Brekketindbreen. – Redningsaksjonen er litt komplisert, fordi det er litt tåke i området, seier Torgeir Espedal. Dei håper å få frakta ut mannen med helikopter, men har bedt Røde Kors vere klar til å ta over om vêret blir for dårleg.

    Helikopter på veg til Brekketindbreen.
    Foto: Rune Sæbønes
  • Sett i gang redningsaksjon

    Politiet har sett i verk ein redningsaksjon etter melding om at ein person skal ha falle i fjellet på Brekketindbreen i Ørsta. – Det er dårleg dekning i området, men ut ifrå det vi har fått fram, så skal personen vere bevisst, seier Thomas Holte i politiet. Det skal vere i alle fall to personar på tur i lag, og fallet skal ha skjedd like før toppen. Eit redningshelikopter er på veg til staden.