NRK Meny
Normal

Sakna mann kom til rette

Politiet har funne den sakna mannen som stod fast på Skopphornet i Sykkylven. Redningsmannskap til fots hjelper mannen ned att.

Redningsaksjon på Skophornet

Det er tjukk tåke, som gjer at det ikkje er optimale søkeforhold for redningshelikopteret.

Foto: May Britt Tømmerdal

Mannen i 40-åra har vore på fjelltur sidan laurdag. Avtalen var at eit familiemedlem skulle hente han i 10.30-tida søndag, men mannen dukka ikkje opp.

Eit redningshelikopter frå Florø vart sett inn i redningsarbeidet. I tillegg deltok Røde Kors, redningshundar og hundar frå politiet.

Eirik Indregård

Mannen er ved godt mot, seier innsatsleiar Eirik Indregård.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kom seg ikkje ned att

Klokka 17.20 opplyste politiet at dei hadde vore i kontakt med mannen på telefon. Han hadde det bra, men stod fast i fjellet på grunn av tåka og kom seg ikkje ned ved eiga hjelp.

– Vi sender no mannskap opp for å hjelpe han ned att, sa operasjonsleiar Erik Mikalsen, ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Kom til rette

Klokka 19.15 opplyste politiet at redningsmannskap frå Røde Kors fann mannen og at han var i god behald. Mannen er no på veg ned att frå fjellet, i fylgje med redningsfolka.

– Han har vore ute ei stund og er medteken og sliten, men er ved godt mot, seier innsatsleiar Eirik Indregård.

Skopphornet ligg på 1226 meter over havet.

Redningsaksjon ved Skopphornet i Sykkylven

Mannskap frå Røde Kors gjekk til fots for å finne mannen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Laster kart, vennligst vent...