Hopp til innhold

Klatrar henta ut etter krevjande redningsaksjon

Etter ein over to timar lang og krevjande redningsaksjon er klatraren som fall under rappellering i Ørsta henta ut frå fjellet.

Redningsaksjon Molladalstindane

Klatraren blei henta ut og frakta til Ålesund sjukehus.

Foto: Bente Iren Flåvik Bjørndal

Alpin redningsgruppe, luftambulanse og redningshelikopter har vore involvert i det Hovudredningssentralen omtalar som ein krevjande redningsaksjon etter eit fall under rappellering i Molladalstindane i Ørsta.

Det var fleire i turfølgjet og dei andre klatrarane melde frå om at turkameraten fall under rappellering rundt klokka 19.30 fredag kveld.

Laster Twitter-innhold

Frakta til sjukehus

Tilstanden til mannen var lenge ikkje kjend, men klokka 21.50 opplyser Hovudredningssentralen til NRK at klatraren har kome frå det heile med beinbrot.

– Redningshelikopteret har sett av lege og redningsfolk som jobbar med den skadde før dei heiser han opp i helikopteret, seier vakthavande, Børge Galta.

Klokka 22.30 opplyser Hovudredningssentralen at klatraren er frakta til sjukehuset i Ålesund.

Komplisert redningsaksjon

På grunn av at dei såg at det kunne bli vanskeleg å få vedkomande ut, hadde dei med klatrarar frå den alpine redningsgruppa om bord i helikopteret.

– Det er ein komplisert redningsaksjon, sa Galta til NRK då aksjonen nettopp var sett i gang.

Turkameratane hans kjem seg ned frå det populære fjellområdet for eiga maskin.

Klatreulykka har skjedd i Molladalstindane i Ørsta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL