Hopp til innhold

Båten gjekk ned og to personar stod fast på eit skjer

To personar vart berga av ein fiskebåt i natt etter at dei køyrde på eit skjer utanfor Øksenvåg i Averøy.

Øksenvågen

Det var klokka 01.44 i natt at naudmeldinga kom om at ein skjergardsjeep hadde gått ned og at to personar stod fast på eit svalpeskjer utanfor Øksenvågen i Averøy.

– Dei stod med vatn til knea og var prega av situasjonen. Det hasta med å få hjelp og dei opplevde det nok veldig dramatisk, seier redningsleiar Cecilie Øversveen, ved Hovedredningssentralen.

Dei to forklarte ganske godt kvar dei var. Hovedredningssentralen gjekk ut med naudmelding til alle båtar i området og fleire båtar frå Kristiansund sette kursen mot dei to. Det vart også sendt eit helikopter frå Ørlandet.

Den første fiskebåten kom fram etter 40 minutt og berga dei to havaristane.

– Dei var kalde og vart sendt til sjukehus i ambulanse for legesjekk, seier Øversveen. Ho seier at det var eit godt samarbeid mellom Hovedredningssentralen, kystradioen, politiet og ressursane som melde seg i natt.